|
|
|
|
|
Rundballe på avvegar kryssa vegen Av Jan Nik. Hansen, 19.06.09 Gloppen: Det kunne gått gale, men det enda godt då ein rundballe tok laust og skaut fart ned den bratte bakken på Gloppestad. Heldigvis var det ingen på vegen.
Arbeidet føregjekk i skrått terreng heilt øvst på bøen, og då rundballen trilla ut, fekk han eit kast på seg som gjorde at han dreia unnabakke. – Det vart gjort forsøk med ein gong på å stogge rundballen med traktoren, men det var fånyttes. Han skaut fart nesten med ein gong, fortel Jon Slagstad. Det vart nokre nervepirrande sekund, for bakken endar i fylkesvegen utover langs sjøen. Her er det betydeleg mindre trafikk no enn då dette var riksveg, men likevel er det både gåande, syklande og bilistar som passerer med jamne mellomrom. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||