Fin stemning under Sandanedagane i dag.
Henrik (13), Eli og Frode Solvang kom sjøvegen frå Deknepollen for å vere med på Sandanedagane. Henrik gleda seg stort til sykkeltur til Vereide, i løype der og tilbake til Sandane.
Her er sykkelgjengen klar til start.
Nordfjordbåtlaget hadde heist segl, og kunne i tillegg vise fram to nydelege færingar som Rolf Tennebø og Atle Øydvin med all grunn var stolte av.
Lars Endre Gimmestad og Beate Dybendal Nordvik i arrangementskomiteen var nøgde både med veret og stemninga.
Midt på dagen var det godt med folk samla på Heradsplassen.
Kamilla Følsvik Rønnekleiv t.v. kjend frå «The Voice» hadde tatt turen frå Nordfjordeid og hadde med seg søstra Susanne som hadde tatt turen frå England.
Badeandracet til inntekt for samfunnshuset Vonheim på Sandane har vorte ein tradisjon. Her er Rita Lilletvedt t.v. og Birte Kjørvik Fossheim klar til å sleppe endene i Fargarelva.
Og der går endene i elva..
Det var interessant å følgje med på ferda nedover.
Her er andefeltet på veg mot mål og spenninga stig.
Per Ove Fossheim har akkurat tatt hand om vinnaren, anda var kjøpt av Gerd Berge som vart den heldige vinnar av 3000 kroner.
Det var fleire aktivitetar i sjøkanten, m.a. med golf og padling.
Norsk Fjordhestgard var på plass med tilbod om riding til borna.
Til slutt var det Honndalsmusikken som spelte opp.

Glimt frå Sandanedagane laurdag

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lese oss!

Digitalt

219,- /mnd

Digitalt + papiravis

309,- /mnd

Ung u/30 år

119,- /mnd

For spørsmål, kontakt kundeservice på tlf: 57 86 87 81 eller kundeservice@firdatidend.no
Powered by Labrador CMS