
Avlyser USA-turné
Opera Nordfjord har sidan 2023 hatt planar om å ta med utvandrarmusikalen "Soga om Sol" av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk på USA-turné. No er turneen avlyst, melder Fjordabladet.
I år er det 200-årsjubileum for utvandringa til Amerika, og dei 37 personane i ensemblet skulle spele fleire stader i New York, i tillegg til i Minneapolis, Sp. Peter og St. Paul i Minnesota.
Opera Nordfjord viser til at avlysinga kjem av at dei opplever ein meir usikker situasjon i USA, og at ein er bekymra for problem i passkontrollen.
Utanriksdepartementet har nyleg kome med nye reiseråd. Her blir det opplyst at visum ikkje garanterer innreise til landet, men at dette blir endeleg avgjort av immigrasjonsmyndigheitene når ein kjem fram. Styret og operasjefen i Opera Nordfjord tok si avgjerd om å avlyse USA-turneen like før dette blei bestemt, opplyser operasjef Kari Standal Pavelich til NRK Vestland.