Elevpraten
Møt Enes Turkoglu i Elevpraten.
Namn: Enes Turkoglu
Alder: 7 år
Skule/klasse: Nordstranda skule 2. klasse
Bustad: Nordstranda
Aktivitet/tilbod på kulturskulen: piano
– Kvifor har du valt dette instrumentet?
– Eg vil bli god til å spele piano og spele songar som eg likar.
– Kor lenge har du gått på kulturskulen?
– Eg begynte i haust, så eg har gått cirka fem månader.
– Kor mykje tid brukar du på speling per dag eller per veke?
– Eg speler kanskje to eller tre gonger per veke, i cirka 20 minutt kvar gong.
– Kva er det kjekkaste med å gå på kulturskulen?
– Eg likar best å spele piano.
– Har du eit førebilete?
– Kerem hjelper meg. Han er storebroren min og spelar også piano på kulturskulen. Han er cirka ti gongar betre enn meg.
– Kva musikk likar du å høyre på og spele?
– Eg likar for eksempel musikk frå Minecraft. Når eg høyrer ein song eg likar, prøver eg å spele den på piano.
– Driv du med andre fritidsaktivitetar i tillegg til kulturskulen?
– Eg går på turn. Før gjekk eg også på fotball.
– Har du nokon draumar for framtida?
– Eg vil lære meg ein vanskeleg song på piano som broren min kan.
– Kjenner du andre som går på kulturskulen?
– Ja, eg veit om nokon i 3. eller 4. klasse som går der. Ein gut i klassa mi går også på piano, han heiter Levi.