
Er snart klar med kabaret nummer 25
4. og 5. april presenterer Breimskoret kabaraten «Kor vanskeleg kan det vere?».
I 1998 presenterte Breimskoret framsyninga «Evert Taube» i Breimshallen. Dette var starten på ei lang og nesten uavbroten rekkje av framsyningar eller «kabaretar» som vi i koret kallar det. I 26 år, berre avbroten av «korona» i 2020/21, har koret med dirigent Solfrid Bjørkum lagt ned ein stor innsats for årleg å kunne glede bygdefolk og tilreisande frå heile fjordfylket. To av desse åra har koret servert «til bords med Breimskoret», inkludert tre rettars middag undervegs i framsyninga. Då med koret også som servitørar.
450 songar
Breimskoret kan for 25. gong invitere til «kabaret» i heile Gloppen si storstove – Kultursalen i Trivselshagen på Sandane, 4. og 5. april 2025.
Manuset er ført i pennen av mangeårig kormedlem Britt Glomnes Willumsen, som i samråd med dirigenten vel songar. Som tidlegare år er her også omskrivne songar som skal passe i handlinga på kabareten. Vi er heldige og har særs dyktige lokale musikarar med på laget.
I løpet av desse åra har koret framført bortimot 450 songar, dei fleste arrangert av Arne Søholt for Breimskoret. Songane blir framførte av koret og koret sine flinke solistar.
Arne Søholt har følgt koret heilt frå oppstarten, og saman med dirigent Solfrid Bjørkum har han vore involvert i alle kabaretane til Breimskoret.
Regiansvar på årets kabaret har Gunn Tone Moen, ho er godt kjend med Breimskoret då ho første gong var med i 2002 (Piaf).
Åtte av kormedlemmene, inkludert dirigenten som var med på «Evert Taube» i 1998, er framleis med i koret og medverkar på årets kabaret.
«Kor vanskeleg kan det vere?»
Ja, kor vanskeleg kan det vere? Er det ikkje berre å gjere det? Vise for alle at saker og ting lett kan la seg gjennomføre? Kormedlemmene har valt å løfte blikket for å ta del i lokale utfordringar.
I år har Breimskoret tatt for seg den stadig aukande cruisetrafikken på Gloppefjorden. Om ein ikkje tek feil, så var det heile to skip som valde «feil fjordarm» i 2024? Så fantastisk var dette at til og med lokalavisa var ute og tok bilde av storhendinga på Gloppefjorden.
Dei som hugsar tilbake, kjem i hug at cruisetrafikk var eit tema etter færre lokalval, men bølgjene la seg i takt med at fjære tok over etter flo.
No har igjen cruisedebatten teke seg opp i Gloppen, kan det vere Breimskoret som sit på fasiten?
Kan framoverlente sjeler i Breimskoret bidra til auka cruisetrafikk på Gloppefjorden, utan at det treng å ruinere ein anstrengt kommuneøkonomi? Sjølvsagt!
Blir det planlagt cruisekai i Breimsvatnet? Må kyrkjekaia på Reed oppgraderast for nok ein gong å takle utanlandske turistar i hopetal?
Kan Gloppen kommune innta kvileposisjon og la Breimskoret stå ved roret?
Kor vanskeleg kan det vere?