Arrangørlaget Indre Sunnfjord spelemannslag.

God deltaking på Sogn og Fjordane-kappleiken 2025

21. - 22. mars går Sogn og Fjordane-kappleiken av stabelen på Thon Hotel Skei i Jølster.

Publisert

Sogn og Fjordane-kappleiken

Ei årleg tevling i folkemusikk og folkedans for folkemusikk-og folkedansinteresserte frå heile Sogn og Fjordane. Her møtest utøvarane til konkurransar innan spel, song og dans, både som soloutøvarar og i lag og grupper. 

I år er det god deltaking med rundt 250 utøvarar og nærare 80 startnummer i dei ulike klassane. Arrangementet er ope for publikum, og det vert dans for alle, kafé og rikeleg høve til sosialt samvære for publikum i alle aldrar.

Røynd arrangørlag 

Lokal arrangør for årets kappleik er Indre Sunnfjord spelemannslag, som har arrangert liknande arrangement både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå tidlegare. 

– Men sjølv om vi har røynsle frå liknande arrangement, skal jobben gjerast kvar gong, og vi er heilt avhengige av dei mange, dyktige frivillige som er i sving for å gjennomføre arrangementet, fortel leiar i hovudkomitéen, Hilde Bjørkum. 

Deltakarar frå 0-100 og eigen Smørbukkappleik for dei yngste

 - Det er ein stor styrke for folkemusikkmiljøet at vi samlar deltakarar og publikum i alle aldersgrupper, seier Bjørkum. 

– Ofte ser vi tre generasjonar både i konsertsalen og på dansegolvet. Det har ein eigen verdi med samhald og musikkglede på tvers av generasjonane i ei tid då dei ulike aldersgruppene ofte er skilde i aktivitetar og samvære elles i samfunnet. 

På kappleiken finn ein både eldre og yngre deltakarar i dei ordinære klassane, og det vert i tillegg organisert ei eiga uformell tevling for dei yngste, i form av Smørbukkappleiken, der mange unge utøvarar får sin debut på scena. 

Utøvar og frivillig i lang tradisjonsline 

Ine Kjøsnes Raad (23) frå Førde spelar hardingfele i Indre Sunnfjord spelemannslag, og er samstundes medlem i hovudkomitéen for arrangement, med ansvar innan tevlingsavvikling og resultatservice. 

Ine står i ein lang folkemusikktradisjon med oldemor Dorthea Paulen Kjøsnes som bidrog til å få fram att Jølstraspringaren. Ho var syster til dei kjende feleutøvarane og komponistane Paulen-brørne. 

- Eg gler meg til kappleik, seier Ine. 

- Det er alltid kjekt å sjå og høyre utøvarane i området, spesielt dei unge. Kappleikar har ein unik energi, som det er veldig fint å vere ein del av. Det trur eg ein merkar både som deltakar og publikum.

Powered by Labrador CMS