Ingunn Flølo med den nye boka i handa.
– Eg har vore opptatt av skriving heile livet, seier Ingunn Flølo, som har gjeve ut si første bok.

Har samla eigne tekstar i boka «Å opne hjartet på nytt»

Ingunn Flølo frå Breim er svært glad i å skrive, og i desember gav ho ut boka «Å opne hjartet på nytt». – Det å forme det eg ser og opplever i ord har vore med meg heile vegen, fortel ho.

Publisert Sist oppdatert

Boka er ei samling av tekstar som ho har delt på sosiale media over fleire år.

Handlar om livet

– I kvardag og arbeidsliv har eg møtt mange ulike menneske, og ut av desse møta kjem desse tekstane som handlar om livet, seier ho.

Etter kvart begynte folk å spørje om ho ikkje kunne gje ut eigne tekstar i bokform.

– Eg leika først med tanken, men så bestemte eg meg for å gjere det. Etter to år med jobbing, var boka klar 1. desember. Eg har samarbeidd med Forfatterskolen og Indiemoon om utgjevinga, og dei har gjort ein flott jobb, fortel ho. 

Salet har gått unna

– Korleis var det å få boka i hende?

– Det var heilt fantastisk. Det å jobbe med eit bokprosjekt er litt abstrakt. Det var utruleg kjekt å sjå det ferdige resultatet, og eg føler det er verdt all jobben som er lagt ned, vedgår ho. 

Første opplag var på 60 bøker, og vel 70 bøker er selde til no. 

– Det gleder eg meg stort over. Det er så kjekt. Eg hadde håpa på god respons, men eg hadde ikkje sett føre meg at det skulle gå så bra, smiler ho, og legg til at ho er svært takknemleg for alle gratulasjonar og positive tilbakemeldingar. 

– Best på nynorsk 

– Kor tid begynte du å skrive?

– Eg har vore opptatt av skriving heile livet. I 2017 byrja eg å dele dikt og refleksjonar på sosiale media, og sidan den tid har det berre balla på seg. Eg har skrive nokre artiklar for avisa Gudbrandsdølen Dagningen, og det å skrive er blitt ein viktig del av livet mitt, held ho fram. 

Flølo skriv både på nynorsk og bokmål, men tekstane i «Å opne hjartet på nytt» er på nynorsk. 

– Det blei veldig naturleg for meg, for mange av dei tekstane eg har delt på sosiale media har vore på nynorsk. Eg føler at eg uttrykkjer meg mest presist og best på nynorsk. Det er det som ligg nærast hjartet, påpeikar ho. 

– Viktig å stoppe opp

43-åringen håpar boka vil bidra til at lesarane tek seg tid til å reflektere over eigen kvardag.

– Vi lever i ei hektisk tid, med mål om å nå over mest mogleg. Det kan vere lurt å tenkje over livet og korleis vi ønskjer at det skal vere, seier Ingunn Flølo.

Boka gjev inga oppskrift på korleis livet bør vere. Det ville vere ei umogleg oppgåve. 

– Håpet mitt er at boka skal vere eit positivt bidrag, slik at ein tek seg tida til å vere til stades og ikkje berre spring gjennom livet. Det er viktig å stoppe opp innimellom og kanskje justere kursen. Og til det treng vi å opne hjartet på nytt, seier ho. 

Bur på Lillehammer

– Livet går i bølgjedalar, skriv du. Korleis har du det akkurat no?

– Eg har det veldig bra. Akkurat no gleder eg meg stort over boka. At livet byr på både med- og motgang, har eg fått erfare gjennom det yrket eg har vore i. Eg har fått møte menneske på ulike stadium i livet, og eg ønskjer at boka mi skal gje håp til lesarane. Ein er ikkje åleine, minner ho om. 

Ingunn Flølo er utdanna barne- og ungdomsarbeidar. 

– Første året på helse- og sosialfag tok eg på Firda, deretter gjekk eg barne- og ungdomsarbeidar i Måløy. Lærlingtida hadde eg i Stryn. Etter sju år i Stryn kommune, flytta eg til Lillehammer for å studere. Eg har utdanning innan pedagogikk, kommunikasjon, sosiologi, trening og helse, forklarer ho, og legg til at ho har budd i denne byen i 18 år. 

Fleire prosjekt på gang

I feriane tek ho gjerne med seg sambuaren og dei to borna på elleve og femten år til heimbygda Breim. 

– Det er kjekt å ta med seg familien heim til Vestlandet og alt eg er så glad i. Det er der eg har røtene mine, og det er der kjærleiken til både naturen og det nynorske skriftspråket kjem frå, seier ho.

Sjølv om læringskurva knytt til det å gje ut bok har vore bratt, kan Flølo tenkje seg å gje ut fleire bøker. 

– Eg jobbar med eit par andre bokprosjekt som er i same gate som den første. I tillegg held eg på å skrive på ein roman. Det blir spennande å sjå korleis desse prosjekta utviklar seg, seier ho.

Powered by Labrador CMS