
Vil du ha med deg 50-årsjubileet, må du skunde deg
Gloppen kulturskule feirar 50 år, og onsdag 26. mars inviterer jubilanten til jubileumsframsyning i kultursalen i Trivselshagen.
- Gloppen kulturskule er stolt over å runde 50 år, og vi markerer jubileét vårt med 50 ulike arrangement i løpet av skuleåret. 26. mars blir det jubileumsframsyning med eit variert program som skal skildre kulturskulen tiår for tiår. Våre elevar er spenn klare for å begeistre deg, gjere deg rørt og få deg til å smile. Sett av kvelden og bli med på tidenes bursdagsfeiring, skriv skulen i ei pressemelding.
Skulen har vore i ei rivande utvikling frå 70-talets musikkskule med heimeundervisning til dagens kulturskule i Trivselshagen.
- Vi har 330 elevplassar og vi underviser i dans, visuell kunst, musikkterapi, musikk og vi er ein av fem kommunar i Vestland fylke med distriktsmusikarordning. Vi underviser også på Firda og i det frivillige kulturliv. Vi gler oss til å få vise fram deler av alt vi held på med.
Det er få billettar att til jubileumsframsyninga, så vil du få henne med deg, må du raske på...