
- Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere dagane litt lettare og betre for andre
Så er påskeveka her igjen. Seint, men godt, vil nok mange seie sidan dei raude dagane knytte til høgtida dette året ikkje kjem før i andre halvdel av april.
For mange er påske synonymt med toppturar på ski, lange dagar i skitrekket, Kvikk lunsj og appelsin på ein fjelltopp eller ved hytte- eller selveggen.
Ein uvanleg snøfattig vinter i kombinasjon med sein påske gjer at dei lokale skitrekka for lengst er stengde, og at ein må bu seg på å bere skia høgt til fjells for å finne underlag å bruke dei på.
Dette gjer at det nok berre er dei mest ihuga skientusiastane som tek skia i bruk dei komande dagane. Det er sjølvsagt trasig at det er slik, men med dei endringane i klima som ein opplever i våre dagar kan snøfattige vintrar og ditto påsker bli den nye normalen - ikkje unntaket.
Men bortfall av nokre aktivitetar kan opne for andre. Kan ein ikkje gå på ski, kan ein gjere seg nytte av tilbod og aktivitetar på berr mark og vatn. Og ikkje minst kan det gje meir tid og rom for ettertanke og refleksjon, til å vere saman med dei ein er glad i, til å vitje nokon som ikkje har så mange rundt seg, og til å vise at ein bryr seg om andre.
For det er ikkje til å kome forbi at mange "moderne" menneske verkar svært så travle og har ein tendens til alltid å vere på veg til eller frå noko. I eit samfunn der mange kjenner på stadig fleire forventningar og krav, og der fasaden er blitt meiningslaust viktig for korleis ein blir oppfatta og kor vellukka ein blir sett på, er det fort gjort å miste fokus på anna enn eigen person, seg og sitt.
Påskedagane gjev rom for å tenkje over kva verdiar som verkeleg er viktige, kven vi er og kven vi ønskjer å vere. Etter vårt syn er evna til å setje andre framfor seg sjølv, og til å stille opp for og bidra positivt for medmenneske, eigenskapar som ikkje kan overvurderast og som burde prissetjast langt meir enn kva som kanskje er tilfelle i mange delar av den urolege verda vi lever i.
Med litt rolegare dagar i kjømda for dei fleste av oss, oppmodar vi alle om å bruke tid til å pleie omgjevnadane og stille opp for kvarandre. For dei som er einsame, og som kanskje slit med sorg eller sakn etter å ha mist nokon av sine nære og kjære, er ofte høgtidene og mange helgedagar på rad ekstra krevjande.
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere dagane litt lettare og betre for desse og andre som kjenner på at ein er i ein motbakke i livet. Ein god samtale, nokre oppmuntrande ord, ei hjelpande hand eller berre det heilt og fullt å vere til stades - utan distraksjonar av type telefon eller iPad, kan vere nok.
Og så skal ein ikkje gløyme at det kjennest meiningsfullt og godt å gjere noko for medmenneske. Såleis er det ikkje berre dei som blir sett som opplever at det kjem noko positivt ut av gode mellommenneskelege relasjonar og handlingar. Det skaper varme og gode kjensler på begge sider.
Det treng ikkje å koste tid eller krefter å vise at ein tenkjer på, bryr seg om og er til stades for andre. Det bør vi alle gjere jamleg - og ikkje minst i høgtider som den vi no går inn i.
God påske til alle!