- EU er ikkje løysinga for Noreg

Den aukande stormaktsrivaliseringa er ikkje bra, men det byggjer ikkje vestlege demokratiske verdiar å flytte makt frå Stortinget til Brussel. Vi har eit sterkt verdifellesskap med dei nordiske nabolanda våre, Storbritannia og andre europeiske demokrati, sjølv om vi ikkje er medlem av EU.

Norsk energipolitikk, pengepolitikk, matpolitikk og utanrikspolitikk er ikkje særinteresser. Desse områda, som det norske folket sa ja til skulle styrast frå Noreg i 1972 og 1994, er tvert imot grunnleggande for utviklinga av heile landet. Den norske sjølvråderetten legg grunnlaget for tusenvis av arbeidsplassar.

Verdifellesskapet med Storbritannia er sterkt etter Brexit

Over tid har Storbritannia og USA vore våre næraste allierte. Verken verdifellesskapet eller alliansen med Storbritannia har blitt svekt etter at det britiske folket stemte landet ut av EU i 2016.

Eit faktum er at Storbritannia etter den formelle utmeldinga av EU i 2020, har hatt sterkare økonomisk vekst enn EU-land som Tyskland og Frankrike – og Eurosona samla sett. At Storbritannia har sterkare vekst enn EU kan vere eit overraskande faktum for mange nordmenn.

Mange norske EU-tilhengjarar har brukt kvar einaste sjanse til å snakke ned utviklinga i Storbritannia etter at dei gjekk ut av EU.

Vi må styrkje forsvaret og samarbeida våre

Utspela og opptredenen til USAs president er urovekkjande. Over 80 prosent av forsvarsbudsjetta til NATO-landa kjem frå land utanfor EU. USA står for den desidert største delen. NATO er ein allianse som har stått støtt på tvers av ulike regjeringar i alle medlemslanda sidan grunnlegginga i 1949. Eg meiner vi gjer klokt i å vidareutvikle alliansen.

Det norske forsvaret må styrkjast kraftig, så raskt som mogleg. Difor la Senterpartiet, med forsvarsminister Bjørn Arild Gram, fram den største langtidsplanen for forsvaret nokon gong. På grunn av dette er vi i Noreg for lengst i gang med å styrkje forsvaret vårt.

I tillegg har Sverige og Finland blitt med i NATO. Det har gjort at vi er godt i gang med å styrkje den felles nordiske slagkrafta gjennom NATO-samarbeidet.

Vi står bak Ukraina

Noreg må halde fram med å støtte Ukraina. Senterpartiet var ein av hovudarkitektane bak Nansen-programmet. Vi utvikla programmet, saman med andre, for at Noreg skal vere ein truverdig og langsiktig partnar for Ukraina. Programmet er utvikla for at auka støtte ikkje berre skal bli ord, men handling som bidreg i den ukrainske fridomskampen.

Ap og Høgre må avblåse ein norsk EU-søknad

Ei utfordring i fleire vestlege demokrati er at folk kjenner på avmakt. USA, Tyskland og Frankrike er døme på land som opplever dette. Stor avmakt i ei befolkning kan true folkestyret. Sentralisering av makt kan styrkje denne avmakta og igjen svekkje folkestyret.

Guillaume Ancel frå Frankrike tok i VG på torsdag til orde for at EU-landa skal bli ein stat. Det same har Italia sin tidlegare statsminister Mario Draghi ynskt. Eg har ikkje tru på at ei utvikling mot Europas føderale statar vil styrkje verken dei vestlege demokratia eller kvardagen til folk.

Ei utvikling frå Den europeiske union til ein europeisk føderalstat vil flytte makt bort frå store delar av folket og sentralisere ho til ei mindre gruppe. Akkurat slik eit norsk EU-medlemskap ville gjort.

Avrøystingane om norsk EU-medlemskap i 1972 og 1994 hadde skarpe frontar. I ei tid der vi må stå mest mogleg samla, vil det vere uklokt å opne ei av dei sterkaste konfliktlinjene i norsk offentlegheit.

Folkets nei til EU har tent Noreg godt, og vil tene Noreg godt framover. Arbeidarpartiet og Høgre bør difor no slå fast at det ikkje er aktuelt å starte ein EU-medlemskapsprosess for Noreg i neste stortingsperiode.

Dette er ikkje tida for ein ny EU-kamp. Dette er tida for å styrkje det norske forsvaret, for å stå saman med våre vener og allierte, og for å støtte Ukrainas fridomskamp.

Trygve Slagsvold Vedum,

partileiar i Senterpartiet

Powered by Labrador CMS