
- Feministisk politikk styrkar fellesskapet - for alle
Like sikkert som at kvinnedagen 8. mars kjem kvart år, kjem påstandar og kronikkar om at me ikkje lenger har behov for denne type markeringar. Det er rett at mykje er blitt betre, jenter og kvinner i dag har mange fleire områder å utfalda seg på enn for 50-60 år sidan.
Likevel er det framleis alt for mange overgrep mot kvinner. Framleis tener menn mykje betre enn kvinner. Og framleis er det kvinnene me forventar tek hovudansvaret for det som vert kalla det tredje skiftet, altså alt det som høyrer med å halda orden på gåver, klesinnkjøp, bursdagar, foreldremøte og så bortetter. Alt dette er gode døme på kvifor me treng kvinnedagen og ein tydeleg feministisk politikk.
Kvinnedagen er også ein kampdag for eit godt fellesskap, eit fellesskap som me alle bør vera oppteken av, også me menn. For feminisme er ikkje eit “kvinnespørsmål”. Kjønnsrollar og ulikskap påverkar oss alle, uavhengig av kva kjønn me har eller identifiserer oss med. Dei bundne kjønnsrollene me har, hindrar både kvinner og menn i å leva frie liv. Forventningar om korleis me skal opptre og vera, basert på kjønn, kan vera vanskelege å handtera for oss alle. I eit samfunn der mellom anna mental uhelse vert eit større og større problem, må me ha ein aktiv og målretta politikk for at alle skal få vera den dei er og føla seg bra med det.
Like rettar, mogelegheiter og ansvar for både kvinner og menn gagnar oss alle. Dette gjeld i arbeidslivet, men også i livet utanom jobben. Eit meir likestilt samfunn meiner me styrkar fridomen for kvar einskild individ og kvar familie, til å ta dei vala som er best for ein sjølve. Ein god feministisk politikk utfordrar kjønnsstereotopiane. Stereotopiar som ikkje berre råkar kvinner, men også menn. Ein feministisk politikk handlar om å bygga samfunn der solidaritet og likestilling mellom kjønna gir betre levevilkår for alle.
Derfor bør også menn heia fram kvinnene som står på barikadane, kvinnene som held appell på 8. mars og kvinnene som går føre for at alle me andre kan få eit godt og likestilt fellesskap. 8. mars og feminisme er ikkje symbolpolitikk. 8. mars og feminisme er med på å gjera samfunnet vårt endå betre.
Skal du endra verda, må du byrja i eige hus! Me utfordrar oss sjølve og alle andre menn i Sogn og Fjordane å setja på ein ekstra klesvask i dag. For framleis er det slik at kvinnene gjer (langt) meir husarbeid heime enn mennene deira.
Sæmund Stokstad, 3. kandidat for SV til Stortinget frå Sogn og Fjordane, Lærdal
Jakob Andre Sandal, 4. kandidat for SV til Stortinget frå Sogn og Fjordane, Jølster