- God distriktspolitikk krev god kommuneøkonomi

I desse dagar er det foreslått å legge ned tre skular og sju barnehagar i Sunnfjord kommune. I tillegg skal ungdomskuleelevane på Skei og i Viksdalen sentraliserast. Vi ser krav om økonomiske innsparingar i så godt som alle kommunar, men det bør vere spesielt tankevekkande at det skjer i «samanslåingskommunar» Offisielt skulle kommunesamanslåing styrke den nye kommunen, men i Sunnfjord ser vi det motsette. I 2023 hadde 6 av 10 kommunar økonomisk underskot, 23 kommunar på ROBEK-lista; dvs er sette under statleg styring via statsforvaltar.

Staten har sidan 2002, då Solberg-regjeringa bestemte det, opparbeidd seg ei skuld til kommunane på heile 66 milliardar (ja, du las rett). Det har skjedd gjennom underfinansiering av kommunane sine pensjonsutgifter, det såkalla premieavviket, særleg etter 2002.

Raudt vil difor auke dei økonomiske tilbakeføringane til kommunane minst tilsvarande akkumulert premieavvik. Andre element i ein god distriktspolitikk er å støtte dei små bedriftene økonomisk slik at det kompenserer for auka avstand til marknad og småbedriftsulemper. Det framifrå distriktstiltaket med differensiert arbeidsgjevaravgift må forsterkast.

Vi har hatt lågare straumpris i dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane enn dei som bur sør for oss og som har blitt sterkare påverka av prisimporten frå kontinentet. Raudt går likevel inn for ein makspris på 35 øre pr KWh til næringsverksemd, til kommunane og til hushalda.

Med næringsverksemd meiner vi ikkje berre kraftkrevjande industri, men all næringsverksemd inkludert landbruket. Den internasjonale situasjonen gjer det ekstra viktig å betre økonomien og lønsemnda til dei som kan sikre ein betre sjølvbergingsgrad på mat. Dei høge straumprisane er ei ekstra belastning for bønder og småbrukarar som enno er langt frå å ha oppnådd den lovde likestillinga i inntekt med andre.

Rita Tonning

1.-kandidat for Raudt til stortingsvalet

 

Powered by Labrador CMS