
- Godt nok?
Skulestruktursaka vart lagt fram av administrasjonen sist veke og vi hadde store forventningar til saksframlegget og grundige vurderingar av alle tiltak.
Etter å ha lest gjennom saksframlegg som skal opp i utval for oppvekst og kultur 19. mars og lytta til orienteringa på politiske møte, stiller vi oss undrande til korleis politikarane skal kunne ta gode faktabaserte val.
Demokratiet vårt er basert på tillit til at saker vert så godt opplyste og dokumenterte som mogleg. Dette er spesielt viktig i slike saker som får stor innverknad på kvardagen til folk, og skal gje ønska økonomisk innsparing.
Dette tør vi å påstå ikkje er tilfelle i denne saka.
I saksframlegget har administrasjonen denne gong valt å kategorisere tiltaka, samt endre namn og innhald i dei og kort vurdert konsekvensar tilrådde tiltak har. Utan meir utfyllande informasjon i form av eigne vedlegg per tiltak, der vi kunne funne meir detaljert informasjon om tiltaka, innspel, vurderingar og konklusjon.
Det er ikkje gjort vurderingar eller skildra konsekvensar for klimagassutslepp, folkehelse, fritidstilbod, landbruk. næringsliv, osb. av tiltaka. Det tverrfaglege perspektivet er heilt fråværande. Ei heilheitleg samfunnsøkonomisk vurdering er heller ikkje utført.
Tiltak som ikkje er tilrådd har fått EI rad i EIN tabell. UTAN vurdering og grunngjeving på kvifor dette ikkje er tilrådd.
Det vart i møta kome med påstandar om tilstand på bygg, som ikkje er tilgjengeleg på nettsidene, og som såleis er vanskeleg å ettergå.
Det er utført ein eigen vurdering av skulevegen for elevar i Førde sentrum, og bra er det. Ved spørsmål om dette er gjort for skuleveg for dei andre tiltaka, der nokon av dei også har skredfare, er svaret: Nei, men kanskje vi må vurdere det?
Tiltaka er ikkje vurdert opp mot kommuneplanen sin samfunnsdel.
Og vi kunne ha ramsa opp meir…
Korleis kan vi ha tillit til prosessen, når informasjonen og vurderingar som burde vere med, ikkje er der. Korleis kan politikarane ta gode faktabaserte val?
Kanskje kommunedirektøren bør vurdere det?
FAU ved Skei skule