Gratulerer, Stardalen!
I konkurranse med dei to andre finalistane, Kletten Grendalag i Førde og Midtredalen i Naustdal, stakk Stardalen av med prisen som «årets bygd» under Sunnfjordgallaen i Førde laurdag kveld.
– Vinnaren kan gjennom mange år vise til eit imponerande engasjement. Engasjementet er ein del av lokalsamfunnet sin identitet, dugnadsarbeidet er lagt ned over mange år og ber gode frukter. I ei tid der mange stadar slit med fråflytting, opplever denne staden vekst i folketalet. Det er ganske imponerande, mot alle odds flyttar folk til og blir verande på denne vakre staden rett oppunder breen, heiter det mellom anna i juryen si grunngjeving.
Det er ikkje vanskeleg å stille seg bak juryen sine ord. Sjølv om bygda ikkje ligg langt frå hovudfartsåra E39, er ho ein utkant i storkommunen Sunnfjord, og ein veit korleis mange utkantar i dag slit med å halde opp folketalet. Ei befolkning som blir eldre, og færre born og unge i skulealder, er nesten det normale når det er snakk om utviklinga utanfor større tettstadar og senter.
At det stikk motsette er tilfelle for Stardalen, er både svært kjekt og imponerande. Men det kjem slett ikkje av seg sjølv. Vi trur Natalia Anna Fonn, som tok imot prisen på vegner av bygda, er inne på noko vesentleg når ho seier at «det handlar om folka som vil kvarandre godt og som samarbeider godt. Det kjennest som ein svær familie.»
Stardølingane har gong på gong vist at dei er villige til å stå opp for lokalsamfunnet sitt og bidra til at dalen skal vere ein god plass å bu. Vi trur dette er heilt avgjerande for at området framstår attraktivt for dei som har vore vekke og vurderer å kome heim og slå seg ned, og for andre som er på jakt etter ein buplass utanfor store byar og senter.
Skal utkantane i det langstrekte landet vårt ha ei lys framtid, må ein dyrke og spele på dei kvalitetane som stardølingane har synt fram så mange gongar. Vi håpar samhald og vilje til å løfte i lag for heimstaden sin aldri går av moten, det er ein eigenskap som ser ut til berre å bli viktigare og viktigare for å halde liv og lys i grendene våre.
Samstundes er det ein gong slik at nokre ytre rammefaktorar må vere på plass for at eit samfunn skal vere attraktivt å bli ein del av, som god tilgang til arbeidsplassar, skule og fritidsaktivitetar innan rimeleg avstand.
Pendlaravstand til senter i fleire retningar er eit stort pluss for Stardalen. Så kjem ein sjølvsagt ikkje utanom dei dagsaktuelle problemstillingane knytte til den framtidige skulestrukturen i Sunnfjord kommune. Å flytte ungdomstrinnet vekk frå Skei, slik at elevar i Stardalen får tre timar reiseveg til og frå skule, vil vere ein stor trussel mot utviklinga inst i Jølster.
Det seier seg sjølv at småbarnsforeldre kjem til å vegre seg for å slå seg ned i dalen under breen viss dei veit at dei håpefulle i tre viktige ungdomsår, fem dagar i veka, må bruke like lang tid på vegen til og frå skulen som ein brukar på å køyre frå Førde til Bergen. Blir dette tilfelle, er faren stor for at også «årets bygd» i Sunnfjord over tid vil bli ein del av den triste utkantstatistikken med tilbakegang og avfolking.
Vi trur og håpar inderleg at så ikkje skjer, og gratulerer stardølingane med ein høgst fortent pris!