Erling Sande frå Gloppen er Sp sin førstekandidat ved stortingsvalet til hausten.

- Høgre «spelar» med havbruksnæringa

Etter stort engasjement i forkant og på grasrota i Senterpartiet frå Nordkapp til Lindesnes gjorde landsmøtet til partiet vedtak om å skrote det såkalla normprisrådet som skal fastsette lakseprisar som grunnlag for grunnrenteskatten.

Publisert

Senterpartiet si Stortingsgruppe løfta allereie veka etter følgjande forslag inn for Stortinget:

«Stortinget ber regjeringen så snart som mulig legge frem forslag om å avvikle normprisrådet, og erstatte det med en beregningsmetode som sikrer forutsigbarhet for havbruksnæringa, sikrer rett skattegrunnlag, tar ned byråkratiet og sikrer konkurranseevnen til små og mellomstore aktører» 

Dei viktige momenta for oss var å ta ned tidsaspektet, fjerne usikkerheit i Høgre sitt forslag som kunne tolkast i Finansdepartementet, og ta vare på dei små- og mellomstore aktørane.

Høgre gav då tilbakemeldingar om at forslaget vart for detaljert, mellom anna at små- og mellomstore aktørar ikkje burde nemnast spesifikt. Senterpartiet valgte difor å endre forslaget sitt for at det skulle kunne få eit fleirtal i Stortinget, og justerte det til følgjande:

"Stortinget ber regjeringen så snart som mulig legge frem forslag om å fjerne normprisrådet for havbruksnæringa"

Meir konkret og enkelt kan det ikkje seiast, og det var i tråd med overskrifta i Høgres opphavelege forslag. Likevel stemte Høgre imot. Det er heilt uforståeleg at Høgre ikkje stemmer for eit forslag likelydande med deira eiga sak til Stortinget. Dei har heller ikkje klart å kome opp med ei god forklaring på kvifor. I forhandlingane kom dei ikkje med noko forslag sjølv til kompromiss.

Det næraste ein kjem er då Høgre sin Olve Grotle på spørsmål om kvifor, på ein konferanse i Bergen denne veka, svara: «Dette er eit spel» og at «valresultatet kjem til å avgjere saka». 

Om dette er eit spel for Høgre er det oppsiktsvekkande.

Senterpartiet meiner havbruksnæringa er for viktig for «spel». Difor strakk vi oss i forhandlingane i Stortinget og ynskte å fremje eit forslag som var så konkret som mogleg på det stortingsfleirtalet er samde om, men med ei presisering på at regjeringa ikkje kunne greie ut saka i lang tid. 

Diverre for næringa stemte Høgre imot.

Powered by Labrador CMS