- Ingen skal måtte stå i kø for å få psykisk helsehjelp - vi har ingen å miste!

Psykisk uhelse er eit tema som gjeld mange, men som ofte vert ein usynleg kamp for den enkelte og deira nærmaste. Ei av dei største utfordringane med psykisk uhelse er stigmaet som omgir det. Mange føler skam eller frykt for å verte dømde, noko som kan hindre dei i å søkje hjelp. Det er viktig av samfunnet rundt forstå at psykisk uhelse er like reell og betydnings full som ved fysisk sjukdom. Dessverre er det sånn at alt for mange av den norske befolkninga i arbeidsfør alder står på helserelaterte ytelsar– det vil sei sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd.

Fleire av dei som står utanfor må inn i arbeid, det skal lønne seg å jobbe. Vi som samfunn må vere opne og få på plass rask psykisk helsehjelp, ingen skal måtte stå i kø for å få hjelp – vi har ingen å miste!

Til hausten er det Stortingsval og rask psykisk helsehjelp er ei av dei viktigaste sakene for oss i Høgre. Høgre fremjar seks konkrete grep for korleis vi vil gjere det psykiske helsetilbodet betre:

💙 Lågterskelhjelp – utan henvisning

Tilby «Rask psykisk helsehjelp», eit lavterskeltilbod for lettare psykiske helseplager som ikkje krev henvisning. Innan 2030 skal dette vere eit tilbod i alle landets kommunar. I tillegg vil Høgre vidareutvikle det digitale tenestetilbodet for å gjere det enklare å be om hjelp og styrke kunnskapen om psykisk helse blant arbeidsgjevarar, i skulehelsetenesta og i frivilligheita.

💙 Dei som ber om hjelp, må få hjelp

Rundt en tredel av alle henvisninger til psykisk helsevern for voksne vert avvist ved sjukehusa. Høgre vil øke kapasiteten innen offentlig finansiert psykisk helsevern for voksne, barn og unge med minst 7 prosent for døgnbehandling og 15 prosent for poliklinisk behandling frem mot 2040. For barn og unge vil vi også innføre rett til vurdering og møte med fagperson innan tre veker etter hen visning til barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).

💙 Dei som får hjelp, må få den raskare

Lange ventetider betyr ikkje nødvendigvis at livet går sin gang mens man venter. For mange betyr det usikkerheit, utryggheit og ein oppleving av at heile livet settast på vent. Høgre vil jobbe for å reduserer ventetid ved å ta i bruk ledig kapasitet hos både private og ideelle aktørar.

💙 Hindre at pasientane vert kasteballar i systemet

Riksrevisjonen har slått fast at myndigheitene ikkje gjer nok for folk med psykiske lidelsar eller ruslidelsar, at samhandlinga er mangelfull og at uklare ansvarsforhold gjer at folk vert kasteballar i systemet. For å sikre at unge som treng spesialisert helsehjelp ikkje må starte et nytt behandlingsforløp i sårbar alder, vil Høgre utvide aldersgrensa i BUP til 25 år.

💙 Gi hjelp som faktisk hjelper

Erfaringsdeling, lære av kvarandre, auke kunnskapen og kvaliteten i tenestene der vi nyttar tilbod som har synst seg å fungere.

💙 Gjere vegen tilbake kortare

Innføre ein hovudregel om at unge under 30 år ikkje skal uføretrygdas hundre prosent, med mindre det er heilt openbart at ein ikkje kan jobbe».

 

Sonja Øvre-Flo,

stortingskandidat ( 2. plass Høgre, Sogn & Fjordane valkrins )

Powered by Labrador CMS