- Ja til meir fornybar energi no!

Kommune etter kommune seier nei til utbygging av vindkraft. Urovekkjande få har ein plan B for korleis dei skal kutte utslepp, spare straum og sikre lokale arbeidsplassar.

Lista over kommunar som set foten ned for vindkraftutbygging er lang. Nyleg sa innbyggjarane i Modalen nei til vindkraft i kommunen. I januar blei planane for å hente inn kunnskap om vindkraft i Sunnfjord lagt bort på grunn av lokal politisk motstand.

Samtidig aukar etterspurnaden etter kraft, både i Vestland og elles i landet. Noreg styrer raskt mot eit kraftunderskot. Det er venta hard kamp i åra framover mellom bedrifter, næringar og regionar om kven som skal prioriterast i kraftkøen.

I alle kommunar kan det finnast grunnar for å seie nei til utbygging av fornybar kraft. Men manglande utgreiing i forkant av avgjerdene er djupt problematisk, fordi vi veit for lite om grunnlaget til kommunane for å seie nei. Med ein kommunal vetorett følgjer også eit stort ansvar for å finne løysingar.

Ein skulle tru at kommunar som har sagt nei til utbygging av fornybar kraft har ein plan for korleis dei skal sikre energiforsyning til kommunen sin vidare. Men urovekkjande få kommunar er framme i skoa, og få snakkar om kva som er deira plan B.

Det er nok å ta tak i. Til liks med private bedrifter må kommunane framover arbeide systematisk med tiltak som kan bidra til å redusere veksten i kraftforbruket. Energieffektivisering i eigne bygg er ein god start og kan bidra med inntil 10 prosent av behovet. Kommunar bør også setje i gang arbeidet med å etablere fornybar energi som solenergi på tak, industrivind, termisk energi, bruk av overskotsvarme, fjordvarme og bølgjekraft. I tillegg må kommunane bruke den offentlege innkjøpsmuskelen sin aktivt til å krevje lågt energiforbruk og smart energistyring i alle nye bygg.

Det finst heldigvis ein del kommunar som har gjort konkrete tiltak for å få ned straumforbruket. Mellom anna har Kvam og Voss i år med høge kraftprisar delt ut pengar frå kraftoverskotet direkte til innbyggjarane, til energisparande tiltak som etterisolering og varmepumper. Andre gode døme er Førde og Nordfjordeid, der ein har bygd ut fjordvarmeanlegg som forsyner sentrum og næringsbygg med kraft.

Energieffektivisering åleine kan ikkje kompensere for at det ikkje blir bygd ut meir fornybar kraft, som vindturbinar på land. Men kommunane som seier nei til vindkraft bør i alle fall ha så mange tiltak som mogleg på blokka som kan bidra til å dempe behovet for meir kraftproduksjon.

Klimaendringar er ei av årsakene til natur- og biomangfaldskrisa, og vi må klare å kutte utslepp samtidig som vi tek vare på sårbar natur. Titusenvis av arbeidsplassar i Vestland er knytt til industri som må byggje nye verdikjeder og kutte utslepp for å sikre at dei blir verande i Noreg. For å elektrifisere industri, etablere ny industri og sikre og utvikle arbeidsplassar i lokalsamfunn på Vestland treng me meir fornybar kraft.

Kommunane kan ikkje berre seie nei til alt utan å komme med forslag til løysingar som kan sikre arbeidsplassar og reduksjon av utslepp.

 "Nót in my backyard"-tilnærming til utbygging av fornybar kraft vil føre til at utsleppskutt og næringsutvikling stoppar opp. Dette er dramatisk for kommunane, fordi det kan føre til at industri og arbeidsplassar blir lagde ned og at vi ikkje evnar å skape nye bein å stå på når inntektene frå og aktiviteten i olje- og gassektoren blir redusert framover. Samtidig står allereie no 6 av 10 kommunar i Noreg i store økonomiske utfordringar.

Framover håpar vi fleire kommunar kjem til å greie ut før dei tek avgjerder om utbygging av fornybar kraft. Kommunane som seier nei til utbygging må forstå konsekvensane og komme med konkrete, nye løysingar.

Helene Frihammer (regiondirektør NHO Vestland), 

Atle Rasmussen (regionleder LO Vestland), 

Petter Sortland (styreleder KS Vestland), 

Monica Mæland (administrerende direktør Bergen Næringsråd)

Powered by Labrador CMS