
Jublar Frp enno for Trump?
.
«Vi må holde sammen og skape en kulturell og politisk allianse. I den er det Donald Trump, Viktor Orbán og Sylvi Listhaug som leder an.»
Det sa Frp sin førstekandidat til Stortinget i Sogn og Fjordane, Stig Even Lillestøl, då han i november 2024 jubla over Trump-siger i det amerikanske presidentvalet på fest med dei mest ytterleggåande Trump-/MAGA-supportarane på Sørlandet, under overskrifta «Seier’n er vår» (Klassekampen, 19/11-24).
«Jeg støtter Trump i 90 prosent av politikken hans», understreka Frps toppmann i Sogn og Fjordane. Lillestøl utfyller i eit intervju med NRK at Donald Trump gir håp, er autentisk og kommuniserer ei djupare sanning (NRK.no, 4/11-24).
På eitt punkt skal eg gje Frp-topp Lillestøl rett. Donald Trump ER i ferd med å skape ein ny kulturell og politisk allianse. Med Viktor Orbán, med Vladimir Putins Russland, med Nord-Korea og enkelte andre røvarstatar.
Samtidig er Trump i full gang med å falle Ukraina i ryggen på det grovaste, bryte ned banda til dei frie demokratia i Europa og samhaldet i NATO og med å plukke i stykker demokratiet i eige land og innføre sensur og einsretting.
Difor meiner eg det er interessant for veljarane å vite: Jublar Frp-topp Lillestøl enno for Trump? Meiner han framleis at Trump gir håp? Er det å røyste på Frp framleis å røyste på ein ny allianse leia an av «Donald Trump, Viktor Orban og Sylvi Listhaug», slik Lillestøl meinte i november?
Eg vonar sjølvsagt at flest mogleg ved valet i september røystar på Venstre i Sogn og Fjordane. Men uansett om ein røystar på Olve Grotle i Høgre, Torbjørn Vereide i Ap, eller Erling Sande i Sp, er det ei klokkeklar røyst på demokrati og rettstat i Noreg. Ikkje at landet skal bli overtatt av ein ny kulturell og politisk allianse der Donald Trump og Viktor Orban leiar an.
No er ikkje dette lenger uforpliktande Frp-leik med ord på guterommet, Stig Even Lillestøl. No er det alvor. Det står om demokratiet si framtid.
Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane