- Kjære politikar i Sunnfjord kommune

No set vi vår lit til deg. Administrasjonen i Sunnfjord kommune har gjort det klart for oss at vi MÅ spare pengar no. Vi er allereie byrja å spare pengar. Det kjenner vi som er tilsett i skule på, kvar dag. No tilrår administrasjonen i kommunen å flytte Skei ungdomsskule til Vassenden. Dette til trass for at det finst tiltak med større innsparingar og mindre konsekvensar. I Firda 14. mars sa vår øvste leiar i skulen, Åge Stafsnes: «Det viktigaste poenget er å forsterke ein ungdomsskule.» Var det ikkje å spare pengar vi skulle?

Kommunen har gjort det klart for både barn og vaksne at det er pengesparing som er det viktigaste. Skulane fekk eit undervisningsopplegg frå administrasjonen der vi skulle vise våre elevar ein film som skulle gje dei innsikt i kor viktig det er at Sunnfjord kommune no må spare pengar. Bodskapen i filmen var klar: Dei unge må forstå at dei må gje slepp på fleire av sine godar sidan det blir fleire eldre i kommunen. Korleis har innsparing plutseleg kome nedover på prioriteringslista? Dersom det viktigaste poenget er å spare pengar, beheld de Skei skule slik den er i dag og vel heller tiltak som har større innsparingar og langt mindre konsekvensar.

Forsterke eller svekkje?

Men Stafsnes seier at det viktigaste poenget er å forsterke ein ungdomsskule. Viss det viktigaste poenget er å forsterke ein ungdomsskule, vil vi seie dette: Skei skule er ein robust skule med eit sterkt lærarkollegium med godt fagmiljø, vi har god rekruttering og på nasjonale prøver får vi svært gode resultat. Tek de ungdomsskulen vekk frå Skei skule, vil de svekkje 1.-7. klasse ved Skei skule meir enn de vil forsterke med ein samla ungdomsskule i Jølster. Vil de ha robuste skular, beheld de Skei skule slik den er i dag.

Barnet sitt beste er det viktigaste poenget

Som tilsett i skule er vi vande med kvar dag, i kvar time, å arbeide for barnet sitt beste. Vi nøler ikkje med å snu opp ned på alle planer viss noko kjem i strid med dette. Det viktigaste poenget er barnet sitt beste, og det beste for elevane på Skei skule er å få behalde ungdomsskulen sin der den er. Tre timar i buss kvar dag er vel ikkje til barnet  sitt beste?

Vi håpar og set vår lit til at du som politikar i Sunnfjord kommune er einig i dette.

Helsing lærarar ved Skei skule

Powered by Labrador CMS