
- Kor mykje pengar er innbyggarane og politikarane i Sunnfjord kommune eigentleg villige til å bruke på skulebygg i Jølster?
For å hindre nye utslitande og negative runder med omlegging av skulestrukturen bør ein i denne runda fatte langsiktige vedtak. Tiltak H (flytte ungdomsskulen på Vassenden til Vassenden barneskule) er det motsette av dette. Firda har påpeika at ungdomsskulen på Vassenden deretter kan bli flytta til Førde. Tiltaket framstår som eit midlertidig tiltak, som kan medføre nye omstruktureringar om kort tid.
Sunnfjord kommune har utfordringar med sentrumsnær utvikling på grunn av geografi. Det er ei retning som skil seg ut med potensial for utvikling frå Førde sentrum. Det er mot Vassenden. Dette ser ein med ekspansiv bustadbygging på Sunde og Farsund og industriutvikling på Moskog, med tilhøyrande arbeidsplassar. På Vassenden finn ein også to av dei største og viktigaste regionsanlegga i kommunen; Sunnfjord golfklubb og Jølster skisenter.
Sjølv om det har vore fråvær av bustadpolitikk har Vassenden dei siste åra hatt befolkningsvekst. Frå 2020–2024 viser tal frå SSB at Vassenden skulekrins har fått 76 fleire innbyggarar. Til samanlikning har Skei skulekrins hatt befolkningsvekst på 18 personar i same periode. Skei har også eit større tilbod i tomter og bustadar, og prisane er billigare enn på Vassenden. Magne Støfring har synt at det er stor etterspurnad etter bustadar og tomter på Vassenden. 40-50 bueiningar i Jokvihogen (Langhaugane byggefelt) er rive vekk på nokre få år. Dette sjølv med ganske stive tomteprisar.
Vi treng fleire barn til Sunnfjord kommune. For å motverke folketalsnedgang bør kommunen drive ein politikk som styrkar tenester i dei attraktive bustadsområda. Vassenden har vist seg å vere eit av desse områda. Vassenden har klart meisterverket med å ha utvikla seg i positiv retning på trass av manglande kommunal tilrettelegging for tomter, i tillegg til Statens vegvesen sitt byråkratiske hinder for utbetringar av to sentrale vegkryss langs E39.
I utrekningskalkylen for folketalsframskriving meiner administrasjonen at Vassenden skulekrins vil ligge på 143 barn i 2043/44, og Skei Skule på 138 barn i 43/44. I dag er det 253 elevar i Vassenden skulekrins, og 144 barn i Skei Skulekrins. Vassenden har i dag over 1900 innbyggarar mot Skei sine 1200. I telefonsamtale med kommuneadministrasjonen påpeiker dei at kalkylen er ein grovkalkyle som er svært usikker. Til info står Holsen skulekrins oppført i skuleportrettet med 0 elevar i 43/44, og administrasjonen opplyste på telefon at kalkylen rekna ut -2 barn på Holsen i 43/44. Kan vi verkeleg tru at det skal bli masseutvandring frå Vassenden som ligg i fin pendlaravstand til Førde, medan Skei knapt skal bli påverka av folketalsnedgangen? Med dette kan ein stille seg spørsmål med om denne kalkylen gir ei sannsynleg framtidsframskriving?
Tiltak D utnyttar kapital som allereie er brukt, og hindrar framtidige utgifter for kommunen
Ved å gjennomføre tiltak D (flytte Skei ungdomsskule til Vassenden ungdomsskule) vil ein få ein robust og samlande ungdomsskule i Jølster som står seg i lang tid. Det vil også slik administrasjonen påpeikar ta av framtidig trykk i Førde sentrum. Tiltaket vil kunne gjennomførast utan framtidige store kostnader for nye byggesteg.
Det vart i 2017-2018 brukt 5 millionar kroner for kjøp av skulebygga på Vassenden Ungdomsskule, og over 40 millionar på modernisering av bygga. I tillegg vart Jølstrahallen bygd på skuletomta til barneskulen i 2020. Kostnad brukt på kjøp, renovering og oppussing er også ein del av reknestykket i dagens debatt. Infrastrukturen på Vassenden ungdomsskule har etter 2018 kapasitet til 6 skuleklassar, og framstår som eit flott og moderne nybygg. Ved å gå for tiltak D unngår kommunen store framtidige byggekostnadar.
Skei Skule har gamle og utfordrande skulebygg
I skuleportrettet til Skei skule står det at: «Bygningskropp i ok tilstand. Bygget har stort behov for rehabilitering (tak, vindauge, energisystem og etablering av ventilasjonssystem). Elektriske omnar. Lite energieffektivt bygg der bassenget er oppvarma på rein el. Det er særleg bygget ungdomsskulen disponerer som har behov for renovering.» I tillegg har skulen eit eldre murbygg som husar barneskulen. Om det bygget står det at «Næringsområdet på Åland kan vere til ulempe for skule, då støy kan på sikt verte skjemmande.» Dersom kommunen vel å behalde Skei ungdomsskule må kommunen forvente nye og kostnadskrevjande utgifter til renovering og rehabilitering av bygningsmassen på Skei skule. I ein kommune som har store økonomiske utfordringar er det ansvarleg politikk å ta med dette i reknestykket.
Storleik på uteområdet på Vassenden sin barneskule har tidlegare vore ei utfordring i forhold til areal og elevtal. Den utfordringa kan kanskje kome på ny ved flytting av Vassenden ungdomsskule til barneskulen (tiltak H). Uteområdet til barneskulen har blitt mindre på grunn av bygging av Jølstrahallen. Fleire politiske parti har i nyleg tid sett ein stoppar for utviding av uteområdet til Vassenden barneskule på grunn av landbruksjord. Den same utfordringa kan ein fort møte igjen om ein går for tiltak H.
Ein samla ungdomsskule i Jølster vil spare kommunen store byggekostnader og vere samlande for Jølster
Fokuset i denne prosessen er innsparing, og det skal skje ved langsiktige og varige tiltak. Den nyaste informasjonen frå kommunen til formannsskapet er at kommunen treng ein hestekur for å få skuta på rett kjøl. På Vassenden barne- og ungdomsskule er infrastrukturen i topp stand, der heile bygningsmassen på barneskulen og ungdomsskulen vart modernisert i 2017-2018. Å sentralisere ungdomsskuleelevar er eit av tre prinsipp i denne prosessen. Å flytte ungdomsskuleelevar til Vassenden Ungdomsskule vil i seg sjølv medføre gode innsparingar for kommunen, og gi svært lite framtidige utgifter til oppgradering av bygningsmasse. Dermed blir dei økonomiske innsparingane ved tiltak D enda større om ein tar med framtidige utgifter slik ein bør gjere i denne prosessen. Tiltak D er framtidsretta, kostnadseffektivt og det vil stå seg i lang tid. I tillegg vil tiltak D motverke den skulefaglege utfordringa som er skissert i Skei skule sitt skuleportrett; «Samarbeid med nærliggande skular kan bli aktuelt for å møte utfordringar med små klassar/grupper».
Vi vonar vi kan få ein robust ungdomsskule på Jølster som vil frigjere midlar til kvalitet i skulane, skape samhald i bygda og bevare Jølster IL i lang tid!
Bertil
Hamar og Soldis Årseth Trippestad