Rita Tonning og Raudt vil ha tilbake Sogn og Fjordane og Hordaland som eigne fylke. Foto: privat.

Kva vil du gjere med fylket, Lillestøl?

Publisert

Ei ny meiningsmåling frå Norstat, gjennomført på oppdrag frå NRK, Firda, Sogn Avis, Firdaposten og Fjordingen, syner at 43 prosent vil ha Sogn og Fjordane tilbake som eige fylke, mot 41 prosent som vil halde på Vestland som i dag. Det er flest FrP- og Raudt-veljarar som vil ha Sogn og Fjordane tilbake. 56 prosent av dei som seier at dei ville ha røysta FrP vil ha tilbake Sogn og Fjordane, og 55 prosent av dei som seier at dei ville ha røysta på Raudt seier at dei vil ha tilbake Sogn og Fjordane. Støtta til Vestland er svak blant Senterpartiet sine veljarar, med 47 prosent som ønskjer å halde fram med Vestland, medan 46 prosent vil ha tilbake Sogn og Fjordane.

Til og med blant Høgre sine veljarar er det såpass mange som 36 prosent som vil ha tilbake Sogn og Fjordane som eige fylke. Dette er jo interessant, med tanke på at både Høgre og FrP i sine politiske program går inn for å flytte den politiske makta endå lenger vekk frå Sogn og Fjordane ved å leggje ned heile fylkesnivået, og med det overføre mange av dei oppgåvene som no ligg hos fylket til staten. Innføringa av helseføretaksmodellen, der sjukehusa vart flytta frå fylket og over til statleg nivå med ein styringsmodell som etterliknar privat næringsliv, og den pågåande sjukehuskrisa som er eit resultat av denne politikken, er eit døme som syner at Høgre og FrP si fiendtlege haldning til fylket som forvaltningsnivå er direkte skadeleg.

Raudt har vore mot opprettinga av Vestland fylke heile vegen, og har òg arbeidd i i Vestland fylkesting for å få delt området i to ved å gå tilbake til dei to sjølvstendige fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, etter grensene til dei to eksisterande valkrinsane til Stortinget. Her har Raudt ikkje fått noko draghjelp frå FrP sine fylkestingsrepresentantar, som har slått ring om Vestland heile vegen. Dessverre har heller ikkje Senterpartiet støtta Raudt sine framlegg i fylkestinget i denne saka. Dei som vil røyste på eit parti som klart og utvitydig vil ha att Sogn og Fjordane som eit eige fylke har eigentleg berre eit val i år, og det er å røyste på Raudt.

Norstat si meiningsmåling syner at FrP sin vedtekne politikk når det gjeld fylkesnivå er på kollisjonskurs med eit fleirtal av Sogn og Fjordane FrP sine veljarar. Utfordringa går difor til Sogn og Fjordane FrP sin stortingskandidat, Stig Even Lillestøl. Kva skal du vere lojal mot; standpunktet til fleirtalet av veljarane til FrP i Sogn og Fjordane eller FrP sin vedtekne politikk? Vi i Raudt Sogn og Fjordane er på linje med fleirtalet av våre veljarar. Vi vil gjenopprette Sogn og Fjordane som eit eige, sjølvstendig fylke.

Rita Tonning, Raudt Sogn og Fjordane sin 1.-kandidat til Stortinget

Powered by Labrador CMS