
Kvifor tilrår eg alt dette?
I dag gjer eg noko eg eigentleg ikkje likar. Eg skriv eit debattinnlegg etter eg har levert ei sak frå meg til dei folkevalde. Mi haldning er at etter eg har levert ei sak, har eg ikkje noko med den vidare debatten å gjere. No er saka til politisk avgjerd. Så kvifor gjer eg det? Det er to grunnar. For det første meiner eg at personkarakteristikkar av tilsette i kommunen ikkje høyrer heime i noko sak. Sjølv ikkje for å få merksemd. Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at vi diskuterer sak, ikkje person. For det andre har eg orientert utvalet og formannskapet om tilrådinga mi, men det er ikkje fatta noko politisk vedtak så langt, og vil såleis klarlegge bakgrunnen for saka.
Som kommunedirektør skal eg legge fram ei innstilling som svarar ut dei politisk vedtekne innsparing- og omstillingskrava i barnehage- og skulesektoren. Dei har samla eit krav fram til 2032 som utgjer over 130 millionar kroner. Det er sjølvsagt krevjande, og det vil påverke elevar, foreldre, tilsette og lokalsamfunn.
Skulestrukturen i Sunnfjord kommune er tilpassa eit elevtal på over 3000 elevar. I 2025 er talet 2890 elevar, og dei neste åra vil elevtalet bli ytterlegare redusert med 450 elevar. Det fører igjen til reduserte overføringar frå Staten, samstundes som vi skal omstille til fleire godt vaksne.
Det økonomiske resultatet i 2024 har vist at Sunnfjord kommune, som dei fleste andre kommunane i Noreg, har store økonomiske utfordringar. Samla sett står vi i ein utfordrande situasjon i åra som kjem.
For kommunedirektøren er det viktig at vi har fokus på å utvikle Sunnfjord kommune og legge til rette for vidare vekst. Det vil krevje investeringar, og at ein har økonomisk handlingsrom til å gjere tiltak som skapar vekst for framtida. Difor må vi tilpasse tenestene og dimensjonere dei etter behovet. Barnehage- og skulestrukturen må tilpassast eit redusert barnetal og omsorgstenesta må tilpassast aukande behov. Dei ulike tenestene må vere berekraftig økonomisk. Vi skal sjå på heilskapen i kommunen, noko som sjølvsagt òg inneber administrasjonen og alle dei andre tenestene.
Vi har stor overkapasitet på skulebygg. Drift og vedlikehald av desse har ein høg kostnad. Når det blir det færre elevar, aukar kostnaden per elev for kvart år. Det er difor naudsynt at vi klarar å redusere overkapasiteten i skulebygga.
Det ein viktig faktor i å redusere tal ungdomsskular som har ein høgare driftskostnad enn barneskular. Sunnfjord har fleire ungdomsskular enn samanliknbare kommunar. Det er for eksempel tilrådd eit tiltak som går på å utnytte kapasiteten på Hafstad skule. Dette vil utløyse andre tiltak som er med på å redusere det samla trykket. Ja, det vil krevje investeringar, men alternativet er investeringskostnader på andre skulebygg, utan at vi får redusert driftskostnadane, og samla sett framleis har overkapasitet på skulebygg.
Kommunedirektøren si innstilling til struktur handlar om innhaldet og kvaliteten i barnehage og skule. Det er det hovudoppgåva og det viktigaste momentet i det heile. I tilrådinga mi er oppfølging av desse krava avgjerande. Dei har begge ei samfunnsmessig betydning for lokalsamfunn og utvikling, men det er dei lovkrava og mandatet som vi skal oppfylle, som er avgjerande for mi vurdering og innstilling.
Som barnhage- og skuleeigar vil vi ikkje kunne oppfylle lovkrava til minste ressurs per barnehagebarn og elev, om det ikkje blir gjort tiltak. Elevar med behov for individuelt tilpassa opplæring vil ikkje få tilstrekkeleg med timar, og det vil ikkje vere rom for ekstra støtte i klassane. Det er dilemmaet i denne saka, og i innstillinga må eg ta omsyn til desse faktorane.
Vi blir færre hender i Noreg, og det er behov for fleire hender i omsorg. Rekrutteringa er låg og vi har allereie utfordringar. Det er ei auke i born med spesielle behov, auka fråvær, psykisk u-helse og samansette diagnosar. Skal vi møte desse utfordringane, må vi ha ressursar og tverrfagleg kompetanse. Det er alt i dag mangel på helsesjukepleiar og spesialpedagogar.
Skal borna få den hjelpa som er naudsynt i framtida, må vi utnytte kapasiteten på dei tilsette sine fag, men òg kapasiteten til støttetenestene. Vi vil i framtida rett og slett ikkje ha nok hender til å kunne spreie dei på mange ulike einingar.
Til sunnfjordingen vil eg seie. Vi har eit godt utgangspunkt for å få ein barnehage- og skulestruktur som står seg for framtida. Det betyr at vi må gjere vanskelege val. Uansett meiner eg det er avgjerande at vi held på det demokratiske prinsippet at vi diskuterer sak, og kun sak.
Terje Heggheim,
kommunedirektør Sunnfjord kommune