
Laget er strekt og strikken i ferd med å morkne
Dei tilsette i barnehagane i Gloppen strekkjer seg for å levere gode tenester. Medaljen har likevel ei mindre synleg bakside.
Det var dei hendene då folkens. Hendene som syter for omsorg, tryggleik og dekking av grunnleggjande basale behov. Dei som er så nødvendige både på slutten og starten av eit liv. Når eit menneske er i ein tilstand der ein ikkje klarer sjølv, eller ikkje har tileigna seg nok ferdigheiter til å kunne klare det.
Den viktigaste faktoren
Mitt fokus vidare er barna i barnehagen. Eittåringen som krypande startar i barnehagen og skal lære seg grunnleggjande ferdigheiter som å gå, ete sjølv, gå på toalettet, gå frå å vere non-verbal til å snakke ved bruk av ord, og ikkje minst lære seg sosiale samspelskodar i ei større gruppe.
Dei hendene eg snakkar om, er den viktigaste enkeltfaktoren for å støtte og utfordre barn til denne livsmeistringa. Dei kan verken digitaliserast eller effektiviserast vekk. Det handlar om utviklingsprosessar som oppstår i direkte samspel mellom menneske.
Lytt til fagfolk
Kven hentar du råd med når du skal foreta finansielle disponeringar? Jau, fagfolk som jobbar eller har mykje erfaring innan faget. Kven påverkar val av yrket du vel å ta utdanning i? Vener, familie, marknadsføring av ulike utdanningsretningar på vidaregåande eller kanskje titlar i media? Mange titlar som gjeld barnehage handlar for tida om rekrutteringskrise, krise i forhold til antal studentar, høgt sjukefråvær, kravstore foreldre, barn som ikkje er robuste nok med meir.
Kvifor då i all verda søke jobb i barnehage? Då er det lurt å høyre med fagfolket som jobbar i barnehage.
Barneåra formar barna
I barnehage får du jobbe med leik, som er barn sin måte å lære på. Du får oppleve og bidra til ekte relasjonar, varme, omsorg og utvikling. Der er plass og rom for ulike folk, med ulike interesser. Dei estetiske faga er det stort rom for i barnehagen. Song, musikk, eventyr, forming, drama med meir.
Det vert kjempa for dei kreative faga på vidaregåande, men også dette startar i barnehagen. Barna er framtida sine medmenneske og arbeidstakarar. Eit samfunn er avhengig av folk som er kreative og vågar å tenkje utanfor boksen. Utvikling og endring er avhengig av det å kunne tenke annleis, og å sjå ting frå fleire perspektiv. Du får mulighet til å støtte og utfordre barn som skal fylle framtidas arbeidsplassar. Med andre ord éin av verdas viktigaste jobbar!
Med tanke på at den tilsette er den viktigaste enkeltfaktoren for kvalitet, vert du faktisk viktig sjølv også ( St.meld nr 24 -Framtidas barnehage). Dei første barneåra formar barn si utvikling mest. Det er ikkje noko vi har funne på, men mang ein forskingsrapport konkluderer med dette.
Grunnbemanning i heile opningstida
Barnehagen er ein arbeidsplass der det er stort rom for eventyr, men det er òg ein plass der vi har lyst at ting skal «come true». Det enda i eventyret godt for kreative Askeladden, og det må ende godt med ei av dei største utfordringane i barnehagekvardagen. Om ikkje anna enn med tanke på barna sitt beste.
Ekspertane på barnehagefeltet har over mange år fronta og argumentert fagleg for den sosioøkonomiske gevinsten som ligg i å sikre grunnbemanning i heile opningstida.
Der ligg ei minimumsnorm for grunnbemanning som ber preg av tidlegare tider. Den politiske skuffen den ligg i er truleg belagt med støv. Samfunnet har utvikla seg, barn er meir og lenger i barnehage, samt krav i lovverk har endra seg. Det har gått frå bør til skal. Det har gått frå fokus på gruppetilbod og til individfokus, med større grad ei forventning om 1:1 oppfølging av barn. Logisk sett skulle ein tenkje at grunnbemanning automatisk skulle gjelde heile opningstida, men slik er det ikkje, verken nasjonalt eller kommunalt.
Gloppen er i toppen
Gloppen er i toppen og rangerer som nummer 5 på kommunebarometeret. Barnehagane vart sist år rangert på 40. plass, omtrent der ein har lege dei seinare år. Det er ei sterk plassering. Godt jobba Gloppen-barnehagane! Teamet strekker seg for å levere gode tenester. Medaljen har likevel ei mindre synleg bakside. Laget er strekt i forhold til grunnbemanning, og morkningsprosessen på strikken er starta.
Barnehagefolk var blant dei som stod i førstelinja under pandemien. Sytte for at også andre samfunnskritiske funksjonar kunne gå på jobb og bidra på sine frontar. Personalet er støttande stillas for barn, der fokus er å støtte og utfordre slik at barn vert robuste til å meistre eigne liv. Dei etterstrebar å sikre barn øving med å meistre motstand, som vi veit dei vil få bruk for i ungdomsår og vaksenliv. Dei følgjer opp foreldre i deira uro og bekymring når motstand oppstår, og barn reagerer på barn sitt vis.
Frå prat til handling
Dei fleste barn har 100 % plass og er i barnehagen opptil 45 timar/veke, eller inntil 9 timar per dag. Ei 100 % stilling har 37,5 timars veke. Denne differansen må politikarar og eigarar ta på alvor og få gjort noko med. Det må gå frå prat til handling.
Billegare barnehagar er flott, men grunnbemanning er viktig for kvalitet og oppfølging av barn med tanke på tidleg innsats. Tilsette er den viktigaste enkeltfaktoren for kvalitet, men dei har ikkje blekksprutarmar og auge i nakken. Dagsrytme og prosessar i kvardagen kan ikkje detaljstyrast på klokkeslett. Det er små barn i sjølvstendighetsalder det er snakk om.
Ei større endring må til
Prøv sjølv å vere åleine på tidlegvakt mellom kl 7-8.30 der 6-9 barn i alderen 1-2 år vert levert på ei småbarnsavdeling. Det er realiteten for at dagens grunnbemanning skal dekke opningstida. For å romme alle skal-oppgåvene, er det reelt sett berre om lag 3 timar alle tre tilsette er på avdeling, med ei barnegruppe på 9 barn (0-2 år) eller 18 barn (3-5år).
PS! Kjære politikar, om du no vart usikker. Laget er strekt og strikken i ferd med å morkne, men enn så lenge heng vi i stroppen. I statsbudsjettet vart det løyvd ein sum som var tenkt til SFO og barnehage, men ikkje øyremerkt dette. Den promille av desse midlane som Gloppen får ekstra, er ikkje nok til å sikre grunnbemanning heile opningstida i barnehagane. Hjelp oss å få til ei større endring!
Kjære ungdom! Sats på utdanning innan barnehage og søk jobb i Gloppen. Vi har tru på endring. Hugs at det er ein av verdas viktigaste og kjekkaste jobbar!