
- Lat ikkje dansen – og framtida vår – forsvinne frå Skei
Takka vere Dans Uten Grenser Skei, fann eg lidenskapen min for dans. No er eg redd at skulenedlegginga kan føre til slutten for dansen på Skei.
Om ungdomskulen på Skei blir lagt ned, kan dette bety slutten for dansetilbodet vårt. No går eg tredje året på danselinja på Firda VGS, men det starta her – på Skei skule. Eg blei introdusert til DUG (Dans Uten Grenser) då eg starta på skulen, og eg var medlem i 10 år. 4 av dei åra var eg danseinstruktør, og det tok ikkje lang tid før eg skjønte at eg skulle halde fram med dansen.
Blir reisevegen tre timar lang kvar dag, vil ikkje danseinstruktørane ha tid eller kapasitet til å halde fram undervisninga. Då forsvinn ikkje berre ein skule, men ein heil kultur. Ein møteplass der barn og unge kan uttrykke seg, utvikle talentet sitt og føle på meistring.
Eg veit kor krevjande det er å pendle. Eg pendla sjølv då eg gjekk første året på vidaregåande. Det var berre 50 min kvar veg, men det var meir enn nok. Etter skuledagen skulle eg rekke middag, lekser, trening og soving. Og det var ikkje alltid eg fekk tid til dette ein gong. Bussturen på morgonen var for kort til å kvile ut, og skuledagen var lang og utmattande. Det var nesten umogleg å ha tid til fritidsaktivitetar eller eit sosialt liv. Difor flytta eg på hybel i VG2. Men ein trettenåring har ikkje den moglegheita. Dei må berre akseptere den lange reisevegen som blir påtvinga dei. Eg hadde i det minste eit val.
Kommunen må forstå at dette tiltaket kan føre til stor skade for bygda vår. Det handlar ikkje berre om dei som likar å danse, men om alle ungdommane som er avhengige av eit fritidstilbod. Eg hadde aldri vore den eg er i dag utan Dans Uten Grenser, og eg har lært utruleg mykje om meg sjølv gjennom denne tida. DUG er ikkje berre ein danseskule, men også ein arena for vennskap, meistring og utvikling. Sjølv om ikkje alle skal bli dansarar som meg, lærer ein ferdigheiter som samarbeid, leiarskap og ansvar, som er verdifulle lærdommar uansett kva ein skal drive med i framtida.
Skei er ein stad der unge leiarar blir til, og dette er ein ressurs vi ikkje har råd til å miste. Å leggje ned skulen betyr ikkje berre lengre reiseveg – det betyr at eit heilt miljø forsvinn. Kven skal ta over og halde liv i bygda vår om vi ikkje lèt ungdommane få vekse opp her? Eg håpar kommunen forstår alvoret før det er for seint.
Lat ikkje dansen – og framtida vår – forsvinne frå Skei.
Martine Jamaris Huus