
Lokaldemokrati på ville vegar?
Det er med stor uro vi ser på prosessen kring skulestrukturen i Sunnfjord kommune og korleis tilsette ved Vassenden skule blir frårøva sine demokratiske rettar.
Innbyggjarar på Vassenden har rett til å ha ei privat meining. Dei skal få ta eit standpunkt om kva dei meiner er best for bygda og ungane deira. På Vassenden har vi eit mangfald av yrkesgrupper. Blant anna tilsette ved Vassenden skule. Desse er også føresette, familiemedlemmer og sambygdingar.
Privat har ein rett til å uttale seg om det ein meiner er best for seg og si bygd. Det må sjølvsagt vere greitt i ein demokratisk prosess, utan å bli møtt med kritikk og tillagt motiv ein ikkje har. At fleire som jobbar på Vassenden skule skriv under på eit opprop som privatpersonar, bør ikkje tolkast som om at «kollegaer ved Vassenden skule rottar seg i hop» for å berge Vassenden skule slik den no er.
Det er ingen skisserte tiltak som vernar om Vassenden skule slik den er i dag!
Debatt om skulestruktur skapar engasjement. Vi har full forståing for at kvar bygd vil kjempe for sin skule. Det vil vi også.
Mari Lønning Einen, Nina Ytredal Storøy, Randi Gjesdal og Aina Gamborg