
Makspris på straum på 35 øre per kilowattime (kWh)
I desse dagar går høyringsfristen på regjeringa sitt forslag "Norgespris på kraft" ut. Raudt har eit betre forslag om makspris på straum på 35 øre kWh som også inkluderer næringslivet. Straumrekninga har siste åra blitt ei stor økonomisk belastning for vanlege folk her i landet. Det har vore slik både direkte og fordi høgare straumpris også har pressa opp prisane på mange andre varer.
Auka straumprisar inneber også ei ekstra belastning på kommuneøkonomien. Resultatet er at ein ikkje får til den bemanningsauke som er nødvendig for gode arbeidsforhold, betre undervisning og styrka eldreomsorg. Vi ser også sterkare sentralisering av tenester – f. eks. skular.
Regeringa vil innføre ein fast pris på straum – såkalla Norgespris på 40 øre per kWh eksklusive meirverdiavgift. Nettleige og elavgift er eksempel på andre tillegg som også bestemmer kva folk må betale i alt. Dette er likevel eit steg i rett retning samanlikna den ordninga med straumstøtte som har vore til no, men ikkje tilstrekkeleg.
Ordninga som regjeringa vil innføre frå 1. okt. vil heller ikkje omfatte næringsverksemder. Høg straumpris kan i nokre tilfelle også bety kroken på døra og tap av arbeidsplassar.
Raudt vil har ei sterkare ordning enn regjeringa. Vi vil ha ein makspris på 35 øre som også omfattar næringsverksemd.
Og: Raudt er framfor alt oppteken av å gjere noko med årsaka og årsakene til dei høge straumprisane. Det er innlysande at den uregulerte krafteksporten har ført til import av kontinentale straumprisar, for «traderane» sel krafta vår til den prisen som til ei kvar tid er høgast.
Det kostar under 15 øre per kilowattime å produsere vasskrafta her i landet. Dette er kraft som vi treng å få kjøpt til ein ikkje-profitt-pris her i landet som ligg så langt mot nord og treng kraft meir til dette formålet enn land lenger sør. Det er kraft ein treng for arbeidsplassar og næringar som kan ha konkurranse-ulempe pga. avstandar til marknad. Det er kraft som trengst for å halde på industri som gjennom bruk av «rein» vasskraft kan produsere med lågare utslepp enn tilsvarande produksjon basert på fossil energi.
Staten og kraftselskapa må slutte å behandle kraftproduksjonen som ei handelsvare slik prinsippet blei med energilova. Straumen må behandlast og betalast som anna infrastruktur-teneste, som f. eks. vatn og renovasjon, der vi betalar det desse leveransane faktisk kostar.
Men vi også regulere krafteksporten og stoppe bygging av nye utanlandskablar. Vi må bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen slik vilkåret for avtalen var. Det kan stoppe EU sin 4. energimarknadspakke, og Noreg må også melde seg ut av EU sitt energibyrå, ACER.
Så langt har verken Ap-/Sp-regjeringa og seinare ei rein Ap-regjeringa vist vilje til slike grunnleggjande strukturelle tiltak.
I staden for meir vindkraft og utbygging av verna vassdrag må vi få til energieffektivisering i stort omfang og innføre avgift på luksusforbruk.
Desse sakene må bli eit av dei viktigaste sakene i ein valkamp som må bidra til sterkare fokus mot dei aukane forskjellane i landet. Raudt vil i alle fall ta eit krafttak for trygge og føreseielege straumprisar for folk og næringsliv.
Rita Tonning,
1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane