Foto: Kunnskapsdepartementet.

- Mindre skjerm gjev meir læring

Arbeidarpartiet meiner at konsentrasjonen må opp og uroa ned i skulen. Me må stille krav til elevane, attreisa respekten for læraren og gjera skulen meir praktisk med mindre skjermbruk.

Mykje er bra i skulen, ikkje minst takka vera dyktige tilsette som gjer ein svært god jobb. Utan innsatsen frå samtlege yrkesgrupper klarar me ikkje å ta vare på elevane. Me er stolte av kvar einaste av dykk som arbeider for å skapa ei betre framtid for ungane våre.

Likevel går for mange ut av skulen utan kunnskapen dei treng for å klara seg på neste nivå, antan det er i vidare studiar, arbeid eller livet generelt. Høgre-regjeringa let att etter seg ein skule der elevane ifylgje PISA-undersøkinga presterte merkbart svakare i matte, lesing og naturfag.

Det skremmer fleire enn oss at halvparten av alle 9-åringar er på sosiale medium, med andre ord lenge før dei etter aldersgrensa er gamle nok. Me veit no at trivselen fell gjennom skuleløpet, og at motivasjonen får seg ein solid dupp omtrent samstundes med at ungane får sin fyrste smarttelefon.

Arbeidarpartiet jobbar hardt for å ta kontrollen tilbake over det mange foreldre opplever som eit stort sosialt eksperiment, nemleg bruken av smarttelefon blant skulebarn. Derfor har nær alle grunnskular no restriksjonar på mobilbruk. Men me er ikkje i mål. Forsking frå OECD viser at mange barn brukar mobiltelefon i løpet av dagen likevel – sjølv om dei går på sokalla mobilfrie skular.

Utviklinga i skulen må snu – i Sogn og Fjordane, og i resten av landet. Me må få ein betre balanse mellom skjerm og bok. Me bør ha ei føre var-haldning til ny teknologi og ta problemstillingane kring bruk av kunstig intelligens på alvor. For å sikra at elevar ikkje blir eksponert for skadeleg innhald har me innført krav om filter på skjermane. Me har lovfesta retten til fysiske lærebøker og prioritert pengar til kommunane for innkjøp.

Me trur at å få byggja, skapa og prøva sjølv aukar læringa og kunnskapen til alle elevar. Arbeidarpartiet har derfor auka potten i tilskotsordninga til 160 millionar kroner slik at fleire kommunar kan rigga bygg og skulegardar for ein meir praktisk og variert skulekvardag. Men også ungane våre må læra at ikkje alt i livet er gøy, heile tida. Arbeidarpartiet skal stilla krav til elevane og attreisa respekten for læraren. Lovverket er no endra slik at læraren skal ha dei pedagogiske råmene til å vera leiaren i klasserommet.

Arbeidarpartiet er eit kunnskapsparti. Målet vårt er ein skule der alle ungar opplever tilhøyrsle, meistring og læring. Skal me få til dette må me styrkja laget kring eleven, og redusera skjermbruken slik at det blir arbeidsro. Læraren må få tid til å vera lærar. Mange parti har snakka om dette i lang tid. Arbeidarpartiet har sett makt bak orda.

Anette Stegegjerdet Norberg, 2.-kandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti 

Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister

Powered by Labrador CMS