- Nei til overnattingsavgift i reiselivsnæringa

Publisert Sist oppdatert

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til at regjeringa ønskjer å innføre ei overnattingsavgift i reiselivsnæringa. Vi meiner det er feil å pålegge denne næringa ei ekstra avgift, og at dette forslaget ikkje treffer dei negative konsekvensane som sterk auke i turismen fører med seg. Dette er også ei svært klar tilbakemelding frå dei aller fleste høyringsuttalene som er sendt inn. Sogn og Fjordane Næringsråd forventar derfor at regjeringa følgjer opp dette når den skal legge fram sak for Stortinget. 

Dette er henta frå høyringsuttalen til Sogn og Fjordane Næringsråd. 

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner det er rett å innføre eit besøksbidrag dersom formålet er å gjere Norge til eit betre reisemål og redusere dei store ulempene som mellom anna villcamping har hatt dei siste åra. Dette har utvikla seg til å bli ei alvorleg utfordring dersom vi skal ta vare på den flotte naturen vår, og at tilgrising og overforbruk ikkje skal øydelegge det vi har å tilby som reisemål og til rekreasjon. 

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner det er rett å gje kommunane høve til å innføre ei besøksavgift, men vi meiner det er feil å innføre ei overnattingsavgift for hotell og andre overnattingsstadar der gjestane i dag betaler for tenester i tilknyting til overnattingsstaden. 

Dersom denne avgifta skal ha ein funksjon er det i første rekke bubilar, fricamperar, bussturistar og cruiseturistar som må betale. Når det gjeld cruiseturistar betaler skipa allereie kaiavgift og passasjeravgift medan dei andre er fullstendig gratispassasjerar. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner det er desse gratispassasjerane som ei besøksavgift må treffe dersom denne ordninga skal vere truverdig. 

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner det er viktig at dette blir ei ordning som er minst mogeleg byråkratisk og støttar det som står i høyringsutkastet.: Pengene kan bare brukes på å finansiere fellesgoder, som for eksempel tilrettelegging av stier og toaletter, søppeltømming, eller informasjon, for å nevne noe. 

Det finst allereie i dag ordningar, mellom anna i Sveits, som fungerer bra i høve til dagsturistar og tilfeldig besøkande. Digitale ordningar vil vere enkle å administrere og det vil treffe direkte på reisemålet. 

Sjølv om det skal være frivillig for kommunane å innføre ei ordning med overnattingsavgift seier Sogn og Fjordane Næringsråd nei til dette. I staden ber ein regjeringa innføre eit besøksbidrag som treffe dei rette målgruppene. 

• I første rekke bubilar, fricamperar, bussturistar og cruiseturistar. 

• At ordninga er minst mogeleg byråkratisk. 

• At pengane som blir samla inn blir brukt lokalt, og kjem alle til gode. Til dømes for å forbetre infrastruktur og offentleg transport, finansiere toalett og naturforvaltning og til frivillig arbeid som skal tene Norge som eit berekraftig reisemål. 

• Det må så snart som råd prøvast ut digitale løysingar som treff både målgrupper og reisemål og styrkar lokale turistattraksjonar. 

No blir det opp til regjeringa å legge fram ei sak for Stortinget som er i tråd med dei klare svara i høyringsuttalane som seier nei til overnattingsavgift. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner det er mange gode forslag til korleis ein kan få til ei besøksavgift som fungerer og ein forventar ei seriøs handsaming av desse forslaga i regjeringa.

Bjørn Lødemel,

dagleg leiar Sogn og Fjordane Næringsråd

Powered by Labrador CMS