Norge treng fleire gründerar - meir entreprenørskap og bedriftsutvikling inn i ungdomsskulen!

Vestland Høgre satsar på Ungt entreprenørskap i skulen!

Sist helg gjennomførte vi fylkesårsmøte der vi gjekk inn for å endre namnet på valfaget «Arbeidslivsfag» til nytt namn «Entreprenørskap og bedriftsutvikling». Dette for at skuleleiing, lærarar og elevar enklare skal kunne koble fagets relevans som er å skape ein arena der elevane utforskar sin kreativitet i tett samarbeid med lokalt næringsliv.

Grunnen til at Sonja Øvre-Flo frå Stryn Høgre la fram dette forslaget på fylkesårsmøtet er tilbakemeldingane på at Arbeidslivsfaget dessverre ikkje vert gjennomført sånn Høgre hadde tenkt då vi innførte valfaget i 2015.

Helge Gjørven i Ungt entreprenørskap Norge, gir oss full støtte til navnendringa og seier at «Heldigvis er det mange lærarar som alt ser at elevbedrift er ei god metode i arbeidslivsfaget. Årleg har 30 000 elevar elevbedrift som er ca 30% av eit kull. Av registrerte bedrifter så langt dette skuleåret er 38% arbeidslivsfagelevar. Å endre namnet på faget for at alle lærarane/skulane skal sjå denne koblinga vil være svært positivt».

Læreplanen i arbeidslivsfag ligg til rette for å satse på elevbedrift i undervisninga. På denne måten får elevane vere utforskande, prøve ut skapargleda og få gründerkompetanse som vi vil trenge i framtida.

Neste steg er å få Landsmøtet til Høgre med på denne namneendringa!

Sonja Øvre-Flo (Stryn Høgre)

Tom Knudsen (Stord Høgre)

Powered by Labrador CMS