- Ny forvaltningslov bør kome på nynorsk

I april skal regjeringa kome med sitt framlegg til ny forvaltningslov.

Noregs Mållag og Juristmållaget meiner først og fremst at den nye forvaltningslova bør vere på nynorsk. Alternativt må ho finnast i parallelle likeverdige versjonar på nynorsk og bokmål, på same måte som Grunnlova. Mållaget meiner at regjeringa ved justisministeren må sjå til at Stortinget får eit framlegg til ei ny forvaltningslov på nynorsk til handsaming.

I eit debattinnlegg hjå Rett24 den 5. mars 2024 viste Noregs Mållag og Juristmållaget til at berre 14 % av lovene er på nynorsk, og at dette utgjer berre 11 prosent av den samla tekstmengda i lovverket. I same innlegg problematiserte me kvifor dette er særleg viktig for større og sentrale lover på nynorsk, som til dømes forvaltningslova.

Forvaltningslova regulerer korleis sakshandsaminga skal gå føre seg innanfor offentleg forvaltning, anten det er i staten, kommunen eller fylkeskommunen. Ho er difor ei av dei mest siterte lovene våre. Dagleg vert ho attgjeven munnleg eller skriftleg i saksdokument og i sakshandsaming i det offentlege over heile landet. 

Ei lov som vert såpass mykje attgjeven som forvaltningslova, kan òg vere konkret førande for om sakshandsamarar – når dei har eit val mellom nynorsk og bokmål – vel å nytte nynorsk, eller om dei vel nynorsken bort. Uansett vil ei forvaltningslov på nynorsk gjere det enklare for fleire å skrive nynorsk i det offentlege. 

Når vi veit kor mykje og kor viktig tekst det offentlege produserer, er forvaltningslova viktig for om tekstane blir skrivne på nynorsk eller bokmål. Med dagens forvaltningslov er det bokmål som har dette forspranget. Slik treng det slett ikkje å vere. 

Det vil vere viktig for nynorsk som samfunnsberande språk om den nye forvaltningslova kjem på nynorsk. Når lovframlegget kjem i Stortinget i april, kan dei folkevalde velje å vedta lova på nynorsk, eller å vedta parallelle versjonar på nynorsk og bokmål, på same måte som Grunnlova er i dag. Dersom den nye forvaltningslova kjem på nynorsk, vil det i tråd med det som kjem fram i føremålsparagrafen i språklova frå 2021, i § 1 tredje ledd, nemleg at offentlege organ har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk i kraft av å vere det minst brukte av dei to norske skriftspråka.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag 

Ingrid Handeland, leiar i Juristmållaget 

Powered by Labrador CMS