Rita Tonning. Foto: privat.

Nytt agn for vindkraft?

Publisert Sist oppdatert

Prosjektleiar Ole John Østenstad i Sunnfjord Næringspark på Moskog kan no fortelje at ikkje færre enn tre firma som driv med datalagring, er interesserte i næringsområdet. «Problemet», seier den tidlegare kommunedirektøren i Sunnfjord kommune, er at det ikkje er kraft tilgjengeleg på Moskog til slike firma. 

Dette kan lett bli misforstått på ein slik måte at her ikkje finst kraft. Det er ikkje tilfelle; Sogn og Fjordane har eit kraftoverskot som vi eksporterer ut av området, det same gjeld Vestland fylke og det same gjeld landet. 

Det er ikkje kraft vi manglar – det er samfunnstenleg kontroll over krafta vi manglar. Og om det var slik at kraft var ei mangelvare; skulle vi brukt meir kraft på datalagring? Så vidt eg veit er det berre ammoniakk-prosjekt, som det i Bremanger, som vil bruke meir energi per tilsett enn datasenter. Eg las ein plass at eit datasenter med eit forbruk på 1682 GWh ville gje 100 arbeidsplassar (1 GWh = 1 million kilowattimar). Elkem i Bremanger og Hydro i Høyanger brukar til saman ca. 1750 GWh og det gir ca. 400 arbeidsplassar. 

Det seier seg sjølv kva kraftoverskotet bør brukast til dersom ein tenkjer arbeidsplassar og distriktspolitikk. Likevel er det grunn til å frykte at vindkraft-politikarane i Sunnfjord, som dekka vindkraft-motstanden sin bak konsekvensutgreiing, no vil prøve å bruke påstanden om manglande kraft til buskagitasjon for vindkraft. 

 Vi har sett at Fred. OIsen Renewables på nettsida si berre vil utsette planinitiativet i Sunnfjord. Ligg vindkraft-selskapa berre og ventar på at Stortings-Ap saman med Høgre skal banke gjennom EU sitt fornybardirektiv? Dersom direktivet blir gjort til norsk praksis gjennom EØS-avtalen, ville dette sette fortgang i behandling av vindkraftsøknadar og kanskje til og med sette det kommunale veto ut av spel. Takk og pris for at Sp stod på sitt, men er det tilstrekkeleg utan ei tverrpolitisk folkerørsle?

Rita Tonning, 

1.-kandidat for Raudt Sogn og Fjordane, stortingsvalet 2025

Powered by Labrador CMS