- Å legge ned ungdomsskulane i Viksdalen og på Skei, vil først og fremst skape ein uhaldbar kvardag for ungdomane våre, skriv Gerd Sunde Førde.

Om demokrati og retten til ei god ungdomstid

Som tidlegare lærar i skuleverket i over 20 år, og med erfaring som både rektor og kommunestyrerepresentant har eg følgt skulestruktursaka i Sunnfjord kommune med skrekkblanda fryd. I tidlegare Jølster kommune hadde vi oppe same sak i 2014-2015, der ungdomsskulen på Skei blei vurdert flytta til Vassenden. Heldigvis tok politikarane til vit og stogga saka, så ungdomsskulen på Skei fekk leve vidare. Sjølv opplevde eg at akkurat den saka vart starten på slutten for mi tid i skuleverket. Den sleit meg ut. 

Det var difor med stor glede eg på folkemøtet på Skei hotel i januar fekk oppleve eit enormt engasjement blant ungdomane våre og dei unge vaksne frå indre Jølster, som stod fram og argumenterte sakleg og godt mot nedlegginga av ungdomsskulen vår. Eg pusta letta ut og skjønte at eg heldigvis slapp å engasjere meg denne gongen, for saka var tydelegvis i gode hender.

Eg må også innrømme at eg lenge var ganske roleg for utfallet kva gjeld skulane på Skei og i Viksdalen, då alle syntest å vere godt opplyste om at reisetida for desse elevane ville gå ut over anbefalte retningsliner frå både Utdanningsdirektoratet og fylkeskommunen. Ingen ansvarleg vaksne med vitet i behald ville vel gå inn for eit alternativ der ungdomar mellom 13 og 16 år skulle måtte sitte på buss 3 timar kvar einaste skuledag i tre år. Men så feil kunne eg ta…

At skulesjef Stafsnes, som er sett til å vere øvste leiar for for skuleborna i Sunnfjord kommune, går inn for det alternativet som skaper størst negative menneskelege konsekvensar for deler av elevgruppa, det er for meg heilt uforståeleg. At han er villig til å bryte retningsliner for å få dette i gjennom, og det attpåtil finst andre alternativ der ein kan spare meir økonomisk, det gjer meg forundra og får meg til å lure... Kven er det eigentleg som styrer denne skuta? Stafsnes var ein gong min øvste leiar, no har han mista all min tillit!

Utgangspunktet for heile denne saka, er endringar i demografien. Vi blir fleire eldre og færre yngre. Dette vil naturlegvis føre til endringsbehov i strukturar, både innan oppvekst og omsorg. Med dette utgangspunktet verkar det difor heilt urimeleg at den einaste skulen i heile Sunnfjord som kan vise til stabile elevtal framover, Skei skule, no vert foreslått nedlagt. Ein skule med gode læringsresultat, med godt skulemiljø og med lett tilgang til søkjarar med pedagogisk utdanning frå både Gloppen, Sogn og Sunnfjord. Ein skule med eige symjebasseng og stor hall like ved, der elevane kan boltre seg fritt i skuletida. Forstå det den som kan.

Den 25. januar blei Sunnfjord Galla arrangert i Førde. Der blei fleire engasjerte og flinke sunnfjordingar hylla for god innsats i året som gjekk. Prisen for årets bygd/tettstad blei utdelt til Stardalen i Jølster. Ei av få bygder i Sunnfjord kommune som kan skilte med folketalsvekst, der dei unge som sjølv har vakse opp i dalen kjem heim for å stifte familie og bu under bre og fjell. Ei bygd full av dugnadsånd og pågangsmot, der bøndene går mot straumen og satsar på landbruket. Ei foregangsbygd for Sunnfjord kommune, der auka innbyggartal fører til klingande mynt i kommunekassa. Mynt som kommunen sårt treng. Men kva gjer Sunnfjord kommune med det? Jo, dei foreslår å legge ned ungdomsskulen på Skei, slik at ungdomen i Stardalen får 3 timar på buss kvar skuledag… Ja, la oss for all del gjere alt vi kan for å unngå blomstrande bygder, skatteinntekter og tilflytting! Er det mogeleg? Kommunedirektør Heggheim har herved også mista all min tillit!

Eg stiller også spørsmål ved den demokratiske prosessen og folk si mogelegheit til å påverke utfallet i saka. Eg blei for det første sjokkert då eg høyrde hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet Stian Jakobsen fortelje at då han gjekk frå siste arbeidsmøte i prosjektgruppa, var Skei skule tatt ut på grunn av for lang skuleveg. Då han kom på folkemøte i etterkant, var Skei skule tatt inn att. Dette oppfattar eg som ei undergraving av fagforeninga sin rett til å delta i viktige kommunale diskusjonar og mogelegheit til å kunne påverke. I tillegg er det kome inn mange hundre høyringssvar i høve saka, og brorparten av desse er skrive av personar, utval og organisasjonar som er i mot nedlegging av ungdomsskulen på Skei. Likevel går administrasjonen inn for nettopp dette alternativet. Det får meg til å undre; Er det berre eit skinndemokrati vi held på med her i Sunnfjord? I så fall er vi ille ute!

Å legge ned ungdomsskulane i Viksdalen og på Skei, vil først og fremst skape ein uhaldbar kvardag for ungdomane våre. Personleg meiner eg Sunnfjord kommune sitt forslag bryt med både FN sin barnekonvensjon og Opplæringslova sine tankar om barns rettar og barns beste. Men det vil også føre til ei mengde uheldige konsekvensar for heile lokalsamfunnet rundt skulane, og ei gradvis nedbygging av begge desse tettstadane. Medan ein ved å satse på andre alternativ i saka, både kan unngå uforsvarleg lang reiseveg for elevane og unngå nedbygging av tilhøyrande lokalsamfunn. Så det er for meg heilt uforståeleg, ulogisk og ufatteleg provoserande at Heggheim, Stafsnes og deira disipler går inn for alternativ D i si tilråding.

Kongen sa i sin nyttårstale at vi aldri må miste håpet. Kongen er ein klok mann, så eg høyrer på han! Difor håpar eg framleis at nokon i denne kommunen, der alt skulle bli så robust og fint og flott, framleis har vitet i behald. Eg tenkjer då på kommunepolitikarane. Det er dei som skal avgjere saka. Det er dei som er skuleeigar, og som har ansvaret for å drive ein forsvarleg og god skule der born og unge får blomstre og utvikle seg, vere fysisk aktive og kjenne på identitet og tilhøyrsle. Eg vil difor komme med ei påminning til politikarane i Sunnfjord kommune: Ingen av dykk sit i kommunestyret for dykkar eigen del. De sit der fordi de er valt av innbyggarane til å representere deira sak og syn. De er valt for å ta kloke, fagleg begrunna og vel gjennomtenkte avgjersler på vegne av oss alle til det beste for oss alle. Ingen av dykk kan møte opp på formannskapsmøte den 20. mars eller på kommunestyremøte den 27. mars utan å ha lese gjennom alle høyringsinnspela i saka. Det skuldar de innbyggarane dykkar å gjere. Det held ikkje berre å lese sakspapira frå administrasjonen, for dei er både mangelfulle og lite gjennomtenkte.

Og vit det, at dersom kommunedirektøren sitt forslag går i gjennom, så er nok ikkje saka ferdig. Eg kjenner sambygdingane mine godt nok til å vite at her blir det omkamp, og det er nok å ta av: kommunal omsorgssvikt, skinndemokrati, for dårleg fagleg begrunna avgjersler, feil bruk av skjønnsmessige reglar, undergraving av fagforeninga og økonomiske hensyn som går framfor forsvarligheit og omsyn til elevane. Mykje snadder for ein sivilombudsmann!

Kongen og eg håpar framleis, og eg set mi lit til dei folkevalde! Men skulle det vise seg at også dei har mista både vit og forstand, så må kommunen om eit par år rekne med å bli invitert til nyopning av Indre Jølster Friskule, ein skule som set eleven i sentrum og som set demokrati og medbestemming i høgsete. 

Gerd Sunde Førde,

tidlegare lærar, rektor og kommunestyrerepresentant i Jølster

Powered by Labrador CMS