
På jobb for industrien i Sogn og Fjordane
Vi lever i utrygge tider. Trump har varsla handelskrig. Det kan føre til ein trippel tollskvis for norske bedrifter:
1. USA innfører 25% toll på norske eksportvarer, noko som gjer det dyrare for kundane våre å handle frå oss.
2. EU svarar med eigne beskyttelsestiltak, som kan råke oss hardt viss vi ikkje er innanfor tryggingsmekanismane i EØS.
3. Ein global handelskrig svekkjer verdsøkonomien, fører til auka rente og prisstiging – noko som råkar både folk og bedrifter her heime.
Dette er realitetane vi står overfor. Sjølv utan olje og gass eksporterer vi varer tilsvarande 700 000 kroner for kvar einaste sysselsette vi har i regionen vår. Industrien i Sogn og Fjordane er heilt avhengig av eksport.
For industristadane handlar dette om arbeidsplassar som er hjørnesteinar i lokalsamfunna våre. Stoppar eksporten opp, misser folk jobbane sine. Det vil ramme oss alle.
Vi skal sikre norske arbeidsplassar
Med Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg har vi eit solid lag i møte med det trusselbiletet vi ser i resten av verda. Det er avgjerande for både fylket og landet vårt.
Det er fleire parti som vil ha Noreg ut av EØS. Om dei får styre norsk utanrikspolitikk, vil det ha dramatiske konsekvensar for industrien vår.
EØS-avtalen gjev oss tollfri tilgang til Europa, og norske varer konkurrerer på lik line med dei europeiske. Utan EØS ville vi vore på utsida – sårbare for toll, kvoter og byråkratiske handelshindringar. Norske bedrifter ville tapt store kontraktar til konkurrentar i EU, noko som kan koste tusenvis av jobbar.
For Arbeidarpartiet er det uaktuelt å gamble med norsk industri.
Industrien vår treng tryggleik
For å sikre industrien vår, må vi:
• Ta sikkerheitspolitikken vår på alvor
• Ha rimeleg kraft, betre nett og meir fornybar energi
• Sikre trygge og stabile handelsvilkår - gjennom EØS
Noreg er ein industrinasjon i verdstoppen. Vi har tilgang på rein energi, sterke fagmiljø og eit arbeidsliv prega av tryggleik og samarbeid. Men det kjem ikkje av seg sjølv – vi må sikre dei rette rammevilkåra for framtida. Og vi må slå ring om EØS-avtalen.
Industrien og eksportbedriftene våre kan stole på Arbeidarpartiet.
Torbjørn Vereide og Anette Stegegjerdet Norberg,
stortingskandidatar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane