
- Provoserande og historielaust
Det er med stor uro eg ser på prosessen kring skulestrukturen i Sunnfjord og korleis kommunedirektør Stafsnes legg opp argumentasjonen i saka. Dernest er eg også uroa over at kommunedirektør Heggheim godtek Stafsnes sine vurderingar utan å gå dei nøyare etter i saumane. Berre etternamnet Heggheim burde jo få han til å gjere minst ei ekstra vurdering av konsekvensane dette vil ha for innbyggarane i Stardalen. Korleis Stafsnes kan argumentere med at det er nødvendig å legge ned ungdomsskulen på Skei for å oppretthalde kvaliteten i Sunnfjordskulen bygger på ein idé utan rot i noko anna enn skrivebordsteori. Sagt på ein annan måte minner dette meg om det ein med tydeleg tale kallar «sprenglærd toskeskap».
Skei skule har i alle år levert frå seg elevar som greier seg når dei kjem ut i verda. Det vere seg i yrkesretta utdanningar eller høgare utdanningar. Eg har sjølv gått ved skulen, eg har sjølv vore lærar der og eg har sjølv hatt 5 ungar som har gått der. Gjennom 5 tiår der eg har kjent til skulen, leverer elevane frå Skei skule framifrå resultat på kunnskap. Berre spør lærarar i vidaregåande skule som får elevar frå Skei. Og berre sjekk alle statistikkar som måler kunnskap. Skule er ikkje berre kunnskap, det er også å skape gagns menneske som kan vere med å bygge samfunnet rundt oss. Det har Skei skule greidd i alle år. Det er provoserande og historielaust av kommunedirektøren å kome med påstand om at kvaliteten på skulen i Jølster blir betre av å samle ungdomsskulen på Vassenden.

Det stoppar heller ikkje her med argument imot å samle ungdomsskulen i Jølster på Vassenden. Kva med folket som skal bu i grendene i Jølster og leve av det jorda gir her? Har kommunedirektørane tenkt på korleis det skal rekrutterast folk til å bu der jorda er, og skape seg eit verdig familieliv når ungane må pendle 3 timar per dag i 3 av dei viktigaste åra dei har av ungdomstida? Kor hen blir det av heilskapstenkinga? Kven skal drive jordbruk på noko av det beste jordbruksarealet som finst i Sunnfjord kommune? Eg set min lit til at politikarane i Sunnfjord greier å sjå galskapen i dette framlegget frå kommunedirektørane i Sunnfjord kommune, og stoppar det først som sist.
Som engasjert i arbeid med idretten i Jølster gjennom 30 år ser eg kor viktig det er med frivillig arbeid for å skape meiningsfull aktivitet for ungane som veks opp. Ved å frårøve ungdommane 3 timar per dag som dei kunne brukt på meiningsfull aktivitet i staden, innskrenkar vi moglegheitene desse ungdomane har for å vere med på aktivitetar i sitt nærområde. På Skei har vi ein fantastisk fotball-, klatre- og friidrettshall som framsynte eldsjeler heldigvis greidde å få bygt før kommunesamanslåinga var eit faktum. Skal denne hallen stå unytta på dagtid fordi elevane blir sendt vekk? Er det god ressursutnytting? Heilt bak mål, spør du meg.
I samanslåingsdokumentet for den nye Sunnfjord kommune er det fagre ord om at ein skal satse på utvikling i dei ulike tettstadane rundt om i kommunen. Utvikling er også å ta vare på dei innbyggarane som bur der og sørge for at det er attraktivt å busetje seg i grendene rundt. Det å bevare ein 1–10 skule på Skei er sjølve grunnsteinen i dette. Eg er lei av å ha ein administrasjon som bur i sentrum Førde og motarbeider dette. Fagre ord i ein plan betyr ingenting for dykk anna enn at det er ord i ein plan. Det er vondt å oppleve, og det inngir alt anna enn tillit.
Til sist vil eg også uttrykke mi store skuffing over underskriftskampanjar som har som hensikt å samle størst mogleg tyngde bak det å legge ned ungdomsskulen på Skei. Det er ein ufin måte å dolke sambygdingar i ryggen på, og har ingen ting med å kjempe for sin eigen skule å gjere. Og særleg ille tykkjer eg det er å oppleve at kollegaer ved Vassenden skule rottar seg i hop i den tru at berre dei bergar Vassenden skule slik den no er, så er alt greitt.
Kjell Olav Førde,
Skei