
- Regjeringa gir folk dårlegare råd
Statsminister Støre har no i to år snakka om at «folk skal få bedre råd». I mellomtida har Danmark og Sverige kutta renta seks gonger – Noreg ingen gonger, og heller ikkje på Norges Bank rentemøte i mars 2025.
Om finansministeren er Sp-Vedum eller Ap-Stoltenberg speler liten rolle. Regjeringas politikk er den same – høg offentleg pengebruk som gjer det vanskeligare å kutte renta. Folk får ikkje betre råd – dei får dårlegare råd med dagens regjering.
År etter år, budsjett etter budsjett, har vi i Venstre advart Støre-regjeringa mot å auke oljepengebruken i statsbudsjetta, siden det driv opp farten i norsk økonomi. Dei har ikkje lytta. Tvert imot: Oljepengebruken aukar og aukar – og aukar endå meir når Ap og Sp inngår budsjettavtaler med SV. Når Norges Bank no skriv at «en ekspansiv finanspolitikk og høye petroleumsinvesteringer har også løftet aktiviteten i fastlandsøkonomien», viser det korleis Ap-regjeringa sin politikk påvirkar rentenivået.
Regjeringa skryt voldsomt av å ha fått til symbolske kutt i ferjeprisar og pris på flybillettar. Fint nok det. Men det er renteutgiftene og stadig høgare prisar på mat og bustad som verkeleg betyr noko i husholdningsøkonomien til dei fleste.
Dersom regjeringen faktisk meiner noko med at dei ønsker lavare rente, må dei snart byrje å stramme inn pengebruken over statlege budsjett. Siste sjanse er revidert nasjonalbudsjett i mai. Venstre krev at det budsjettet bidrar til lavare renter, og at det ikke berre blir brukt til å smørje endå fleire oljemilliardar utover SV, Sp og Ap sine utdaterte valløfte. Det er til sjuande og sist folk flest som må betale for det, i form av eit særnorsk høgt rentenivå.
Alfred Bjørlo,
stortingsrepresentant for Venstre