- Rekk opp handa den som forstår

Publisert

Ja, det skal handle om det tydelegvis svært sterke ynsket om å få lagt ned Skei ungdomsskule.

Kvifor vel ein eit alternativ der reisetida mest truleg blir langt over 75 min kvar veg? At reisetida vert meir enn 75 minutt, er like sikkert som at sola står opp neste dag. 

Kvifor vel ein alternativ der ein faktisk ikkje har peiling på kva fylkeskommunen kan tilby av skysstilbod og reiser?

Kvifor prøver ordføraren å bagatellisere reisetida i "Skei-saka"? I Firda 16.03.25, fortel ho at ho sjølv måtte ha ei reise 24 km. Det er ingenting mot det born inst i Stardalen vil få. Her må du nærast doble, Jenny. Har du gløymt det?

Kvifor er ikkje vegstrekninga mellom Skei og Vassenden skikkeleg konsekvensutgreidd, medan andre vegstrekningar i same sak er det? Er det ikkje arbeidd like grundig med alle tiltaka? Gjeld dette fleire område?

Kvifor har ein ikkje laga tal på kva som trengst av midlar for å ruste opp klasseromma på Skei ungdomsskule når det er eitt av argumenta for å legge den ned? Kvar er tal og fakta?

Kvifor ha høyring når ein ikkje lyttar? I Firda Tidend (14.03.25) var det referat frå formannskapsmøtet: "- Vi må gjere eit utval, og vi har gjort ei vurdering ut i frå det vi meiner er forsvarleg. Nokre vil nok oppleve at dei ikkje blir høyrt i denne prosessen, og det er rett og slett fordi vi må gjere eit utval, sa Åge Stafsnes". Det var over 200 høyringssvar som talte mot nedlegginga av Skei skule. Kor stort var eigentleg dette utvalet?

Kvifor vel ein eit alternativ som ikkje er til barnet sitt beste? Det er trist og trasig å sjå kva som blir svara når politikarar og journalistar tar dette opp med administrasjonen. Uansett kva ein set det opp mot, kva fine ord ein pakkar "motargumenta" inn i, så seier det seg sjølv kva som er til barnet sitt beste. Kven er det ein prøver å lure?

I Firda 16.03.25 brukar ordføreren dei same "fine orda" som administrasjonen: "Ingen av tiltaka er noko folk ønsker seg. For oss er det naudsynt å ha ein skule med ressursar til god undervising og sikre lærarressursar i klasserommet. Då må vi gjere tiltak. Eg forstår at folk reagerer, for ingen ønsker endring, men vi må sikre kvaliteten for alle elevane i skulen". Kvaliteten i Sunnfjord-skulane er bra. Resultata er gode. Det seier de sjølv. På Skei kan ein i tillegg få tilsette frå både Gloppen og Sogndal. Det kallar vi å sikre gode lærarressursar. Kvifor prøver de dykk stadig med denne negative vinklinga?

Kvifor vel ein ikkje eit alternativ der ein sparar meir og der konsekvensane er langt, langt mildare? Er ikkje det målet med det heile: spare mest mogleg og øydeleggje minst mogleg?

Vi har tillit og tru til at politikarane set seg grundig inn i saka og høyringane. Vi har tru på at dei klarer å tenkje på barnet, og kva som faktisk er barnet sitt beste. Vi har tru på at politikarane klarer å sjå meir heilskapleg og tenkje på ringverknadane som vil følgje med nedlegging av Skei ungdomsskule.

Rekte du opp handa?

Hanne Halland Eide, Malin Kandal og Maria Juklestad

Powered by Labrador CMS