![Til minne om heidersmannen Sigurd Erlend Reksnes](https://image.firdatidend.no/448745.webp?imageId=448745&x=0.00&y=14.46&cropw=100.00&croph=82.16&width=960&height=548&format=jpg)
Til minne om heidersmannen Sigurd Erlend Reksnes
Fredag 31. januar kom den triste beskjeden om at Sigurd Erlend Reksnes hadde gått bort.
Det var ein svært vond beskjed å få, sjølv om vi var budde på at det var den vegen det ville gå.
Sigurd betydde mykje, for mange.
Han var bonde i sitt hjarte, og har fremja landbruket i mange år, både gjennom ord og handling. I fleire år var han styreleiar i Norsk Landbruksrådgivning Vest, her jobba han for å få på plass viktige tenester til bøndene, og ikkje minst at bonden skal ha ei inntekt å leve av.
Vi kjende Sigurd best gjennom det politiske arbeidet hans. Som mangeårig politikar, både på kommune- og fylkesnivå, og dei siste åra også som medlem av Senterpartiet sitt sentralstyre.
Sigurd var ein uredd politikar som ikkje gøymde seg eller skugga bana når det oppstod vanskelege saker. I Stad opplevde ein Sigurd som ein bauta og ei stor kraft i kommunestyregruppa. Sjølv etter at han vart sjuk, var han aktiv og hjelpsam med råd og rettleiing for resten av gruppa. Stad Sp har mista ein ordførar, ein kollega, ein læremeister og ikkje minst ein ven. Det er vanskeleg å innsjå at ein aldri meir kan ringe og spørje om råd og rettleiing i vanskelege saker.
I 2016 vart Sigurd vald til fylkesleiar i Sogn og Fjordane. Gjennom arbeidet sitt i denne rolla var han aktiv, og oppteken av å setje politisk dagsorden. Han var særleg oppteken av å målbere fylkeslaget sine synspunkt inn mot sentralstyret og nasjonale organ. I 2021 vart han vald inn i Senterpartiet sitt sentralstyre.
Sigurd har vore fylkestingsrepresentant sidan 2015, og vart i den første perioden vald til gruppeleiar for Sp. I Vestland var han også ei tydeleg og engasjert røyst. Sjølv etter sjukdommen råka han på nytt, deltok han i gruppa heilt til slutt. Sigurd hadde ei tydeleg stemme for framtida til skadepoliklinikken og den vidaregåande skulen på Eid, samt i fusjonssaka mellom energiselskapa her vest. Han var uredd i den politiske debatten, når avgjerslene var tatt, såg Sigurd etter gode løysingar framover.
Det var ei stor hending for Sigurd å stifte familie, noko han også delte med sine politiske kollegaer. Det har aldri vore tvil om at Sigurd set familien høgt og har hatt god støtte på heimebane. Dei verdiane familien representerer har han også tatt med seg inn i arbeidet som politikar, og det er ikkje få timar Sigurd har brukt av tida si for å utvikle samfunnet til fellesskapets beste.
Dette kom ekstra tydeleg til syne då Sigurd vart tildelt Senterpartiet sitt heidersmerke for langvarig og særskilt fortent innsats for partiet, like før han døydde.
Det er mange som har sett pris på Sigurd, og vi er takksame for familien som raust har delt han med oss.
Kvil i fred, Sigurd Erlend Reksnes.