- Tilliten til kommunetoppane i denne saka er veldig svekka
Uttale til Sunnfjord Arbeidarparti.
Til: Sunnfjord Arbeidarparti v/leiar Berit J. Hornnes, kommunestyregruppa
Frå: Ap-medlemer i Skei-området med langt medlemskap i AP og mange aktive år i det politiske og anna samfunnsnyttig arbeid i bygda.
Vi viser til skriv frå FAU ved Skei skule som er sendt til alle i partigruppa. Dei har fått fram mange gode argument og fakta om noverande situasjon, og korleis den vert om alternativ D vert vedteke og ungdomsskulen på Skei vert nedlagd. Vi støttar FAU fullt ut i det dei skriv her.
Fleire av oss var med i fakkeltoget og folkemøtet på Skei 9. januar. Det var ei sterk oppleving å sjå det lange fakkeltoget med om lag 400 deltakarar og eit sterkt engasjement på møtet på hotellet for å behalde skulen, med mange gode og saklege innlegg, men det var mange som vart veldig overraska då hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Sunnfjord og medlem av arbeidsgruppa som har jobba med denne omorganiseringa, Stian Jakobsen, sa følgjande: «Då eg gjekk frå det siste møtet i arbeidsgruppa, kan eg ikkje hugse at ungdomssteget ved Skei skule var med i diskusjonen. Den må vere hekta på i ettertid. Grunnen til at den ikkje var med, er den lange reisevegen». Verken ordførar, kommunedirektør eller etatssjef Stafsnes kommenterte dette, og det var skuffande. Ordføraren burde sett pause i møte for å få ei avklaring på kva som har skjedd her. Dei aller fleste har vel fått ei forståing av at det er arbeidsgruppa sitt arbeid som ligger til grunn for kommunen sine planar for dei framtidige skulane. Fleire av oss som var på møtet oppfatta det slik at kommunetoppane reiser rundt på folkemøte med planer som er forankra i dokument som er manipulert. Tilliten til kommunetoppane i denne saka er veldig svekka for vårt vedkommande.
FAU har i sitt skriv peika på lange reiseavstandar og reisetid, vi støttar dei fullt ut i dette. Det er lite skrive i planforslaga om organisering av transport. Dei tankane som er lanserte om direkte buss/drosje frå Stardalen til Vassenden er heller ikkje drøfta med andre, til dømes fylkeskommunen som er sentrale her. I dag reiser både ungdomsskuleelevane og dei på barneskulen til og frå Stardalen med same buss, det same gjeld også elevane i dei andre grendene her. Dersom ungdomsskuleelevane skal reise til Vassenden, må dei i framtida reise mykje tidlegare om morgonen. Skal barneskuleelevar reise samtidig vert det lenge å vente før skulen tek til. Det vert og det same ved slutt av skuledagen, og ikkje minst kjem det og ein kostnad med ein ekstra busstur. Det er lite truleg at fylkeskommunen vil bidra økonomisk her, slik at ein ser føre seg ei ny kommunal utgift.
Dei som ikkje kjem med buss, går og syklar til og frå skulen på Skei. Det er lagt godt til rette med gang- og sykkelvegar. Skal ungdomskuleelevane til Vassenden, går dei frå ein aktiv fysisk skuleveg til ein passiv busstur til og frå Vassenden. Dei får neppe reise strake vegen på E39, men med avstikkarar Årdal - Erikstad - Årdal, Ålhusdalen og Svidal -Berg - Svidal, dette begge vegar. Det er lite truleg at fylkeskommunen som er sterkt inne i skuleskyssordninga vil godta noko annan opplegg.
Symjebasseng
Ved Skei skule er der symjebasseng, det er det ikkje ved Vassenden skule. Elevane ved barnetrinnet på Vassenden reiser til Skei for å få symjeundervisning, medan ungdomskuleelevane reiser til Førde. Dersom ungdomskulen på Skei vert lagt ned og må reise til Vassenden, får dei som har lang skuleveg frå før ein ekstra lang skuleveg dei dagane det er symjeundervisning i Førde.
Viksdalen
Som det går fram av plan D, skal ungdomsskulen på Viksdalen og leggast ned, og elevane fraktast til Vassenden. Det er heilt utruleg at eit framlegg om å frakte skuleelevar frå foten av Gaularfjellet (Mjell) på dårlege vegar, over Rørvikfjellet til og frå Vassenden er framlagt for å styrke Vassenden skule. Folket i Viksdalen klarer fint å snakke si sak, men dei skal vite at dei har vår fulle støtte i saka.
Vassenden skule
Vi meinar det må være fullt mogeleg med litt tilpassing å oppretthalde Vassenden skule, både barne- og ungdomstrinnet. Vi går sterkt imot at Vassenden skule vert heilt eller delvis nedlagt, men vi kan ikkje godta at Vassenden skal styrkjast med å legge ned to andre ungdomsskular, Viksdalen og Skei. Til det er kostnaden med dette for stor for elevar og lokalsamfunna som vert råka, med fare for fråflytting og stagnasjon.
Demografiske utfordringar
I skulesaka er dette med demografiske utfordringar vektlagt mykje. Desse utfordringane visste alle som var med på vedtaket «lokkematen» Intensjonsavtalen før kommunesamanslåing, blant anna står det: Ha større førstelinjeteneste som skular, sjukeheimar, helse, barnehagar og kulturtilbod der dei er no. Demografiske utfordringar måtte vere endå meir klåre då det vart vedteke kommunale planar der mellom anna Skei er definert som eit lokalt senter i Sunnfjord kommune, med det av kommunale tenester som er nærmare definert. Vi viser til tilsendt skriv de har fått frå FAU ved Skei skule. Det ser ut som at administrasjonen i kommunen ikkje tek omsyn til ganske ferske kommunestyrevedtak. Tek de vekk ungdomsskulen her, så er det starten på nedbygging av Skei som eit lokalt senter og nedbygging av omliggande område.
Den store elefanten
Den store elefanten i denne saka er etter vår meining Hafstad vgs. Når administrasjonen i kommunen vektlegg den store nedgangen i elevtalet som dei gjer, så verkar det ikkje logisk at dei kjem med framlegg om å bygge ut Hafstad vgs til ein stor ungdomsskule og legge ned andre. Hafstad vgs er truleg det enklaste av tome skulebygg å selje for ein bra pris, eller ta den i bruk sjølve til dømes til å bygge den om til omsorgsbustadar. Dersom det vert gjort, vil ein truleg kunne avlaste omsorgssenteret i Førde, og på den måten utsetje den store utbygginga og spare nedlegginga av Førde barneskule. Vi er enige i kjøpet av denne bygningen då det vart gjort som eit bidrag til å få bygd ein ny god vidaregåande skule på Øyrane, men det kan ikkje vere den som skal styre retninga på skulestrukturen i resten av kommunen.
Økonomiske innsparingar
FAU ved Skei skule har fått opplyst av kommunen no den 21. januar at innsparingspotensialet isolert sett ved å legge ned Skei ungdomsskule er 1,8 mill, dette utan medrekna «spesialtransport» frå Stardalen. Vi meiner at med den og andre ekstra utgifter med transport, truleg vil sette innsparinga til 0 og kanskje ende opp med ekstra utgifter, der det er ungdomane som må betale dyrt i form av ein håplaus skulekvardag, og lokalsamfunn vil forvitre.
Synfaring
I respekt for dei som vert hardast råka: Ungdomane våre og lokalsamfunna, meiner vi at før Ap-gruppa gjer vedtak om tiltak D og sikrar fleirtal for nedlegging av Viksdalen og Skei ungdomsskular, så bør gruppa ta ei synfaring i dei områda som vert råka, sjå på vegstandard, reiselengde og tid mm. Vi tilbyr oss å stille med bil og sjåfør for å guide dokke trygt rundt her i vårt område, kanskje vi kunne få til ei synfaring på skulen, hallen og det nyopprusta idrettsanlegget som ligg tett på skulen òg. Velkomne. Dagen vil nok gå skal vi rekke over alt.
Avslutning
Om Ap-gruppa går inn for plan D slik som det alternativ er no, og dermed sikre eit fleirtal for å legge ned ungdomstrinna på Viksdalen og Skei, krev vi å få ei god forklaring. Det er ikkje nok med «Barnas beste, økonomi og større skular gir betre læremiljø osv.» Ei slik forklaring held ikkje.
Med partihelsing
Ottar Magne Fugle, Arve Dvergsdal, Pål Befring, Erling Skrede, Magne Sunde, Eli Nesje Nedrebø, Norvald Nedrebø, Leila Tefre, Magne Skrede