
- Urolege tider krev trygg styring
Vi står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen for landet vårt sidan andre verdskrig. Russlands angrepskrig mot Ukraina pågår med full styrke, og Russland rustar kraftig opp. Møtet med ein ny amerikansk administrasjon skapar uro om sikkerheitspolitikk, handel og samarbeid.
I slike tider treng vi politisk leiarskap som sikrar tryggleiken – økonomisk, sosialt og militært.
Kampen for Ukraina angår oss alle
Det ukrainske folket står i ein eksistensiell kamp mot eit autoritært regime. For ei veke sidan besøkte president Zelensky Noreg. Å sjå han i auga gir inntrykk. Det ukrainske folket kjempar for livet. Om den brutale invasjonen får vinne fram, vil Europa bli meir utrygt for oss alle.
Vi har forplikta oss til å støtte Ukraina økonomisk, militært og humanitært gjennom Nansen-programmet. Med ei samla støtte på 85 milliardar kroner i 2025, tek Norge eit stort ansvar. Vi må bruke alle våre relasjonar for at USA skal halde fram med å støtte forsvaret til Ukraina.
Samtidig må vi forstå at ei svak våpenkvile ikkje er nok. Fred i Europa krev styrke. Elles vil ein pause i kamphandlingane berre bli nytta til militær oppbygging og omgruppering. Russland må trekke seg tilbake.
Med Arbeiderpartiet i regjering har vi nesten dobla forsvarsbudsjettet frå 65 til 125 milliardar kroner. Det har vi fått til med å samarbeide på tvers av partifargane. Vi skal styrke sjøforsvaret, landmakta og luftvernet. Vi skal bli betre rusta mot digitale angrep. Og Noreg skal bidra til å styrke den europeiske delen av NATO.
Handelskrig og EØS: Tryggleik for norske arbeidsplassar
Vi ser no eit skifte i amerikansk utanrikspolitikk. Prioriteringane er annleis. Forma er ukonvensjonell. Stilen er mindre forutsigbar og meir konfronterande.
I Noreg jobbar 600 000 arbeidstakarar med eksport. For vestlandsregionen er dette ein grunnstein. Utfordringa no er at vi kan komme i ein trippelskvis:
- Handelskrigen til Trump gir dyrare varer og sviktande kundegrunnlag.
- Mottiltaka frå EU kan gå utover Norge.
- Inflasjon og rentevekst set økonomien i spel for både familiar og næringsliv.
Her skal vi gjere det som må til for å trygge landet vårt.
Det er fleire parti som vil ha Noreg ut av EØS. Utan EØS ville Noreg vore på utsida, sårbare for toll, kvotar og byråkratiske handelshindringar. Vi meiner det er uaktuelt å gamble med norsk industri. Med Arbeiderpartiet i regjering vil EØS-avtalen bestå.
Noreg skal ta ansvar
Vi står i ei tid der demokrati, tryggleik og økonomisk stabilitet blir utfordra. Når USA snur seg innover, må Europa stå samla. Det er eit ansvar vi tar på alvor. Vår felles beredskap må vere sterk nok.
Vegvala landet vårt gjer no blir avgjerande for framtida. Difor rustar vi opp forsvaret, sikrar norske arbeidsplassar og står fjellstøtt i vår støtte til Ukraina.
Urolege tider krev trygg styring. Det skal vi levere.
Jonas Gahr Støre og Torbjørn Vereide,
statsminister og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet