Hjortebukkar på bøen på Grov sist sommar.

54.200 hjortar skotne – ny rekord

I jaktåret 2024-2025 vart det skote 54.200 hjortar. Det er 1.700 fleire enn sesongen før. Under elgjakta vart det skote 26.400 dyr.

Medan talet på hjortar som er skotne, har dobla seg på 20 år, har talet på elgar tekne gjennom jakt gått kraftig ned, frå vel 36.400 i jaktåret 2004-2005 til 26.400 i fjor.

– Det blir stadig større forskjell mellom talet på skotne elgar og hjortar. Fram til 2008 var utbyttet frå elgjakta størst. Etter det har trenden vore nedovergåande for elgjakta og aukande for hjortejakta. I fjor vart det for første gong skote over dobbelt så mange hjortar som elgar, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Nesten halvparten av hjortane er felte i Vestland, med Sunnfjord og Kvinnherad på kommunetoppen. Dessutan blir stadig fleire hjortar felte på Austlandet. I jaktåret 2024-2025 vart det felt 1900 hjortar i Innlandet, nær ei tredobling på 15 år.

For elgjakta har utbyttet vorte mindre i alle fylke dei ti siste åra, med unntak av Nordland, Troms og Oslo. Trøndelag har hatt den største nedgangen, frå 8000 felte dyr til 5800 i den perioden. (©NPK)

Powered by Labrador CMS