
Alle skattemeldingar er sende ut
Skatteetaten har komme i mål og har no sendt ut alle skattemeldingane for inntektsåret 2024. 1,1 millionar har allereie fått skatteoppgjeret sitt.
– Mange har fått skatteoppgjeret sitt allereie, og dei fleste kjem til å få det i perioden mellom april og juni. Du får beskjed når skatteoppgjeret er klart. Har du pengar til gode, blir desse utbetalte når du får skatteoppgjeret ditt, seier skattedirektør Nina Schancke Funnemark.
Fristen for å levere skattemeldinga går ikkje ut før 30. april. Likevel har over rundt 2,2 millionar allereie valt å levere skattemeldingane sine.
Funnemark oppmodar folk til å sjekke skattemeldinga nøye og ikkje la seg freiste av raske pengar tilbake på skatten.
– Det er viktig å sjekke tala i skattemeldinga, uavhengig av om du ligg an til restskatt eller skatt til gode. Det kan vere feil eller manglande opplysningar, og du kan ha krav på frådrag som du sjølv må leggje inn, seier ho.
Dei førebelse tala viser at rundt 2,8 millionar ligg an til å få pengar til gode, medan 1,1 millionar ligg an til å få restskatt. Det gjennomsnittlege beløpet som blir betalt ut, er 17.000 kroner per person, medan den gjennomsnittlege restskatten ligg på rett under 41.000 kroner per person. (©NTB)