
Ankar ikkje dom
Ein dom frå Sogn og Fjordane tingrett der to bønder blei dømde for å ikkje ha gitt husdyra sine nok mat og stell, blir ikkje anka. Det opplyser aktor i saka til NRK Vestland.
Ein av bøndene blei dømd til 360 timar samfunnsstraff og fengsel i 30 dagar utan vilkår, medan den andre bonden blei dømd til 300 timar samfunnsstraff.
Annonse
35 sauer blei funne daude på garden, og nokre fleire måtte avlivast fordi dei var i svært dårleg hald. Også fleire storfe var i dårleg hald.