Åtvarar: Sats på framandspråk før det er for seint
Mangelen på kvalifiserte lærarar i framandspråk er kritisk, ifølgje språkforskarar ved norske universitet og høgskular.
I ein kronikk på nettstaden Khrono skriv seks språklærarar ved norske universitet og høgskular at søkartala til språkfaga har stupt og at fleire studietilbod er lagt ned. Spesielt tysk og fransk slit, men også andre språk som russisk og kinesisk.
For å møte behovet for lærarar i framandspråk i framtid, foreslår forskarane vidareutdanning for lærarar, utvida stipendordningar for framandspråk og mindre avhengigheit av kandidattal i finansieringa av studietilbod.
Annonse
Kronikkforfattarane understrekar at framandspråk ikkje berre er teoretisk, men eit praktisk fag som styrkjer kommunikasjon og kulturforståing. Med eit aukande globalt behov for språkkompetanse meiner dei at norske myndigheiter må satse stort på framandspråk før det er for seint.
(©NPK)