
Ber elevar halde seg heime
Som følgje av at det er meldt at nedbøren vil auke på ut over onsdagen, noko som vil medføre auka fare for flaum og ras/skred, har beredskapsleiinga i Sunnfjord kommune vedteke å be mange elevar om å halde seg heime 5. mars.
Dette gjeld:
Skei skule: elevar i området Førs, Stardalen, Lunde og Sørsida av Jølstravatnet
Vassenden skule: Sørsida av Jølstravatnet
Holsen skule: Haukedalen
Førde ungdomsskule: Erdalen og Kvieneset
Halbrend skule: Haukedalen
Førde barneskule: Erdalen og Kvieneset
Naustdal skule: Vevring og langs vegen frå Vevring til Naustdal. Elevar som bur langs vegen Førde-Naustdal
Sande skule: Elevar frå Guddalen pga av stengt veg.
Føresette som vel å halde eleven heime i andre område grunna reelle utfordringar knytt til vér og føre vil ikkje få registrert fråver, men kommunen oppmodar om at det blir sendt melding til skulen om at eleven blir heime.
Føresette i andre område må gjere vurderingar i høve vegmeldingar og eventuelt stengde vegar, heiter det i ei melding frå Sunnfjord kommune.