Brann i ambulanse i Sunnfjord

Det brenn i ein ambulanse på E39 i Sunnfjord i Vestland onsdag morgon. Alle personar er ute av køyretøyet, og ingen er skadde, opplyser 110 Vest.

– Bilen er overtend, skriv 110 Vest i ei X-melding.

Klokka 7:40 blir det meldt at brannvesenet er på plass og har starta sløkking. (©NPK)

Powered by Labrador CMS