E39 er stengt frå Moskog til Skei

Flaum stengjer E39. Det blir gjort ei ny vurdering torsdag kl. 10.

Publisert Sist oppdatert

Det er Vegtrafikksentralen Vest som melder på X at vegen er stengt.

Trafikkoperatør Tina Fjelldavlid opplyser til Firda at dei har fått mange meldingar om flaum langs heile strekninga Moskog-Skei.

- Vi vil ikkje ha meir trafikk inn der, seier trafikkoperatøren til avisa.

Frå før er sørsida stengt, og det er derfor inga omkøyring. 

Powered by Labrador CMS