
- Eit nødvendig krav
Måndag la bondeorganisasjonane fram sitt krav til jordbruksforhandlingane. Kravet har ei økonomisk ramme på to milliardar kroner.
- Kravet vil gje ei inntektsutvikling på 27.500 kroner per årsverk i snitt, fortel Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag, i ei pressemelding.
- I ei verd med aukande uro er det viktig at Noreg sikrar eiga matforsyning. Aktive bønder er heilt avgjerande for å lukkast med dette, held han fram.
Beredskap
- I Noreg produserer vi kvalitetsmat, med god dyrevelferd og høge standardar. Vi har eit politisk mål om å auke sjølvforsyninga til 50 prosent. Kravet bidreg til at vi kan nå dette målet.
- Korleis skal ein oppnå det?
- Auka sjølvforsyning skal oppnåast gjennom høgast mogleg andel norsk fôr til husdyra våre, auke kornproduksjonen og styrke satsinga på grønt og poteter.
Løfte dei som ligg lågast
Gjennom innspelsrunden til årets jordbruksforhandlingar vart sau og ammeku løfta fram av lokallaga i Vestland.
- Det er bra at sau og ammeku er prioriterte i årets krav, då desse produksjonane ligg lågast, seier Jan Erik Fløtre.
- Kva synest du om kravet?
- Det er eit nøkternt og nødvendig krav. Eg synest det er mykje positivt. Spesielt vil eg trekkje fram fokuset på den aktive bonden som skal styrkast, og at ein prioriterer produksjon og kvalitet.
Staten sitt tilbod er venta 7. mai. Jordbruksforhandlingane skal vere avslutta 16. mai.