Er frivillig i ein familie: – Det gir glede tilbake òg
Som frivillig har Jørn Lothe følgt opp eit barn i ein familie i fleire år. Det er ei oppgåve Gloppen Frivilligsentral ønskjer at fleire kan ta på seg.
– Eg har tida til det, og så ser eg at det er til nytte og glede for andre. Det gir glede tilbake òg, seier Jørn Lothe.
Han har drive med frivillig arbeid i fem-seks år. Det starta med at kona hadde vorte kjend med ein familie, og deretter vorte leksehjelpar for ein gut i denne familien. Lothe begynte å følgje den same guten på bading éin ettermiddag i veka.
Er blitt kjende
No har guten vorte større og greier seg sjølv i bassenget, og då er det veslebroren som får følgje til bading. Éin ettermiddag i veka skuleåret gjennom over fem-seks år . Slik har det vorte mange timar saman.
– Vi er blitt gode venner med familien, det er veldig hyggjeleg, seier Lothe.
I tillegg til at han følgjer på bading, stiller Lothe som «sjåførlærar» når ungdom både i denne familien og i ein annan familie skal lærekøyre.
Passar for alle som har litt tid
Jørn Lothe synest det er fint å vere med og synleggjere at frivillig arbeid kan dreie seg om mange ulike oppgåver og aktivitetar. Han trur mange kan vere litt redde for å ta på seg frivillige oppgåver fordi ein trur det blir for forpliktande.
– Det kan frivilligsentralen gjerne synleggjere, at ein ikkje blir basten og bunden i årevis, seier han.
Men litt tid må ein vite at ein har om ein går inn som frivillig. Han og kona har vaksne barn som har flytta ut, og det var ei tid det passa godt å ta på seg nye oppgåver.
– Eg tenkjer at frivillig arbeid passar for alle som har lite ledig tid. Det er givande for begge parter, seier Lothe.
Treng fleire frivillige
Leiar for Gloppen Frivilligsentral, Kari Arnestad, fortel at dei har fleire familiar som har meldt seg og gjerne ønskjer hjelp frå frivillige. Samtidig opplever ho at det kan vere vanskelegare å finne folk til å ta på seg dette, enn til andre oppgåver.
– Det er litt vanskeleg å få taket på kvifor det er slik, seier ho.
Nokre viser til at det å vere frivillig for ein familie, gjer at ein må involvere eigen ektefelle eller eigen familie i det frivillige arbeidet, og då ønskjer ein kanskje heller å vere besøksvenn.
Arnestad seier at ein ikkje nødvendigvis må involvere sin eigen familie, då familiane som ønskjer hjelp har ulike behov.
– Nokre kan berre trenge litt avlasting. Det kan handle om å køyre ungar til trening, ta dei med ut for å leike, eller fare i bassenget. Det kan vere så ymse, seier Arnestad.
Kan mangle nettverk
For ein del familiar spring ønsket om frivillig hjelp ut frå at ein har lite nettverk å støtte seg på. Dersom ein til dømes er åleineforelder eller ikkje har førarkort, kan det vere krevjande å få kvardagskabalen til å gå opp.
Men den frivillige innsatsen kan handle om andre ting enn henting og bringing. Om det er ein familie som nyleg har kome til Noreg, kan det å navigere i ny informasjon og eit nytt språk vere éi av oppgåvene ein frivillig kan hjelpe med.
– Det kan vere at ein har lyst til å invitere ein familie på middag. Det kan òg vere basert på eigne interesser, om ein er interessert i handarbeid, likar å bake eller vil ta med ein familie på fisketur. Det er litt opp til kvar enkelt kva ein ser føre seg at ein kan bidra med, så må vi prøve matche det, seier leiaren for frivilligsentralen.
Arnestad understrekar at dei frivillige ikkje blir bedne om å ta seg av barn med store utfordringar, det handlar om meir om å tilføre ekstra kapasitet for ein familie i kvardagen.
Vil få fram breidda
Kari Arnestad trur ikkje folk flest nødvendigvis veit om at det å vere ein støttespelar for ein familie er noko ein kan gjere som frivillig.
– Det er ikkje noko etablert tilbod, og det er ikkje så godt kjent. Vi prøver å få fram breidda i kva ein kan gjere som frivillig, seier ho.
Frivilligsentralen har eit par førespurnader frå familiar som har lege der ei god stund. Når det gjeld å følgje opp ein familie, bør ein vite at ein kan stille på over litt tid.
– Dette bør det vere litt kontinuitet i, men dei frivillige og familiane kan styre kontakten ein del sjølve, seier Arnestad.
Enkelte frivillige har kanskje tid éin gong i veka, andre annankvar veke. Om ein har éin, to eller tre timar til rådvelde, avtalar ein dette med familien.
– Men om det er ein familie som ønskjer ein frivillig som stiller på mykje, så koplar vi familien med nokon som har kapasitet til det, seier Arnestad.