
EU-nei på TV 2-måling
I underkant av seks av ti svarer at dei ville stemt nei dersom Noreg heldt folkeavstemming om EU-medlemskap i dag. Fleire sit framleis på gjerdet.
58,6 prosent ville stemt nei, medan 41,4 prosent ville stemt ja til å melde Noreg inn i EU i dag, viser ei måling hos TV 2. I same måling svarer 17 prosent av dei spurde at dei ikkje har bestemt seg.
EU-motstanden er størst blant menn, med 62,8 prosent nei og 37,2 prosent ja hos spurde som har gjort seg opp ei meining.
Målinga er utført av Verian for TV 2 i perioden 25. til 31. mars, og 987 personar har delteke i undersøkinga.
Den stadfestar ein trend fleire andre målingar har vist, nemleg at sidan Donald Trump igjen vart innsett som president i USA har ja-sida gått fram.
Då TV 2 gjorde ei tilsvarande måling etter Russlands invasjon av Ukraina for tre år sidan. Då svarte heile 73,9 prosent, nær éin av fire, at dei ville svart nei til å melde Noreg inn i EU. (©NPK)