
Farevarselet på Vestlandet er oppheva
Det verste uvêret ser ut til å vere overstått, og Meteorologisk institutt opphevar no det oransje farevarselet for regn i Vestland fylke.
Opstveit i Kvinnherad kommune fekk heile 184 millimeter nedbør på eit døgn, skriv meteorologane.
Farevarselet byrja tysdag kveld og er no avslutta. Møre og Romsdal fekk litt meir nedbør enn forventa.
Også NVE har skrudd ned farevarselet sitt for flaum på Vestlandet, frå raudt til oransje nivå.
Det har komme inn ei rekke skademeldingar ulike stader på Vestlandet på grunn av uvêret. Mange er også isolerte eller evakuerte på grunn av jord- og steinskred. Bergensbanen var stengd i nærare eit døgn på grunn av eit sørpeskred mellom Myrdal og Finse.
Mange vegar måtte stenge i periodar, og nokre er framleis stengde.
Nokre stader har likevel dei evakuerte fått flytte heim, mellom anna på Stette i Ålesund og i Molde sentrum.
I Trøndelag har det same uvêret komme i form av kraftige vindkast, og mange tusen var utan straum torsdag morgon.
(©NTB)